Skjebnesymfonien

(Omdirigert frå Symfoni nr. 5 av Beethoven)

Skjebnesymfonien eller Beethovens femte symfoni er ein symfoni komponert av Ludwig van Beethoven. Symfonien går i c-moll og har opusnummer 67. Han vart skriven i perioden 1804–08 og hadde premiere i 1808.

Tittelbladet på Beethovens femte symfoni, «skjebnesymfonien».

Symfonien er tileigna fyrst Lobkowitz og grev Rasoumovskij. Han var skriven i ei tid då Beetoven sleit med dårleg høyrsel og sjeleleg liding. Beetovens skal sjølv ha sagt om hovudtemaet i førstesatsen at «slik banker skjebnen på døra». Det er sagt at symfonien gjenspeglar Beetovens kamp mot skjebnen.

1. sats, allegro con brio, har «bankemotivet» som hovudtema. 2. sats, andante con moto, er ein variasjonssats. 3. sats, allegro, er ein scherzo. 4. sats, allegro, er ein triumfmarsj.

Under andre verdskrigen brukte BBC innleiinga av skjebnesymfonien med paukeslag som pausesignal. De tilsvarer morseteiknet «V» (tre korte, ein lang) for «Victory» (siger).

Kjelder

endre
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.