Plantekvefsar

(Omdirigert frå Symphyta)
Plantekvefsar
Hoe av Tenthredo notha Foto: Frank Strømmen
Hoe av Tenthredo notha
Foto: Frank Strømmen
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Årevengjer Hymenoptera
Underorden: Plantekvefsar Symphyta
Gerstaecker, 1867

Plantekvefsar (Symphyta) er ein underorden i ordenen kvefsar der dei fleste artane et plantar. Artane vert rekna som primitive. Det er kjent kring 8 000 artar globalt, fordelte på 14 levande familiar. Plantekvefsar er oppdaga på alle kontinenta utanom Antarktis, og det er òg nokre øyar der dei ikkje er kjende.

Bladkvefsane er den største gruppa plantekvefsar. Familien Orrusidae (ikkje kjend frå Noreg) er den einaste som snyltar på andre insekt.

I Noreg er det rekna med at det finst opp mot 700 artar plantekvefs, og 10 familiar er kjende herifrå.

Kjelder endre

  •   Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Plantevepser - Symphyta skriven av Ole Jørgen Lønnve, Erik Heibo og Andreas Taeger. Artikkelen vart utgjeven av BioFokus, Sweco og Senckenberg Deutsches Entomologisches Institut Müncheberg under lisensen CC BY 4.0. Henta 24. juli 2016.
      Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.