Synnøve Persen

samisk forfatter

Synnøve Persen (fødd 22. februar 1950 i Bevkop i Porsanger kommune) er ein samisk biletkunstnar[1] og forfattar. Persen er nominert to gonger til Nordisk råds litteraturpris for det samiske språkområdet, og har hatt ei lang rekkje gruppe- og separatutstillingar.

Synnøve Persen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. februar 1950 (74 år)
Bevkop
Yrke lyrikar, skribent
Synnøve Persen på Commons

Ho har vore sentral i leiinga og organiseringa av det organiserte, samiske kunstlivet gjennom dei siste 30 åra. Synnøve Persen var ein av initiativtakarane til den såkalla Masi-gruppa, som representerte ein ny og moderne retning innan samisk kunst. I perioden 1997-2001 var Synnøve Persen medlem av Norsk kulturråd. Ho har dessutan vore oppnemnt frå politisk og anna hold som representant til ulike utval under Norsk Kulturråd, til Samisk ALTE-utval og som fagkonsulent for komitéar under Dei Samiske Samlingane og som rettleier for hovudfagsstudentar.

Ho var på 1980-og 90-talet involvert som fagkonsulent ved innkjøp av kunst ved Dei Samiske Samlingane, Nordnorsk kunstmuseum og Samisk kulturråd. I same periode har ho delteke i og leia utreiingsarbeid knytt til etablering og fagplanar for Samisk kunsthandverk- og kunsthøgskole, samisk kunstutdanning. Ho har ikkje minst vore sentral i arbeidet med etableringa av Samisk kunstmuseum.

Persen var samepolitisk engasjert og aktiv under Altakonflikten og deltok i Sveltestreiken føre Stortinget i 1979. Det er likevel som radikal kraft innan organiseringa av det samiske kunstsfæren og moderniseringa av den samiske kunsten Persen har markert seg sterkast.

Kunst og kritikk

endre

På 1970- og 80-talet engasjerte Persen seg saman med andre kulturarbeidarar i arbeidet med erkjenning og utvikling av samiske politiske og kulturelle rettar. Ho var ein av grunnleggjarane av Masi-gruppa,[2] som viste at det er mogleg å vere både same og kunstnar. I byrjinga av Alta-konflikten var Persen student ved Statens Kunstakademi, og på det avsluttande året sitt (hausten 1977) vart elevarbeida hennar lansert som eit førsteutkast til det samiske flagget,men ikkje av Persen sjølv. Synnøve Persen deltok under sveltestreiken føre Stortinget i 1979.

Sjølv om Persen ikkje sjølv var spesielt aktiv i sjølve Alta-konflikten utover sveltestreiken i 1979, så er det likevel rimeleg å hevde at den politiske aktivismen på 1970-talet, og Alta-konflikten spesielt, var utløysande for eitt nytt (sjølv)medvit omkring samisk kultur, identitet og det samiske kunstomgrepet meir generelt.

Ho var òg sentral i oppbygginga av Samisk kunstnarsenter og Samisk kunstnarforbund. Dei seinare åra har ho konsentrert seg om det kunstneriske virket sitt. Men ho har ved fleire høve uttalt seg svært kritisk om Sametinget og norsk samepolitikk: «Jeg tror nok mange tenker at nå har samene fått sameting, og da er vel alt bra. I virkeligheten har vel det meste fortsatt som før, forskjellen er bare at makta går i kofter og er midt blant oss.»[3]

Biografi

endre

Persen tok kunstutdanning på 1970-talet, først ved Granums tegne- og maleskole i Oslo (1971), så ved Kunstskolen i Trondheim (1972) og deretter ved Statens Kunstakademi (1972–1978) i Oslo.

Persen har i heile sitt virke hatt verv i samiske, nordnorske og norske kunst- og kulturorganisasjonar i gjennom sine medlemskap i ulike kunstnarorganisasjonar.

  • Medlem SDS fondsstyre, 2009-12
  • NNBKs valgkomite, 2009-11
  • SGS repr. i Statens forhandlingsutvalg om bibliotekvederlag, 2006
  • Leiar Samisk Kunstnerråds Forhandlingsutvalg med Sametinget, 2005-07
  • Styremedlem Nord-Norske Bildende Kunstnere, 2005-06
  • Styremedlem stiftelsen Kunstskolen i Karasjok, 2004-10
  • Leiar Samiske Kunstneres og Forfatteres Vederlagsfond, 2003-06
  • Nestleiar Samiske Kunstneres og Forfatteres Vederlagsfond, 2002-03
  • Nestleiar Nordnorsk Forfatterlag, 1994-95
  • Leiar Samisk Kunstnerråd, 1991-92:
  • Leiar Trøndelag Bildende Kunstnere, 1986-88
  • Leiar SDS's Kunstneriske Råd, 1984-86:
  • Styremedlem Nordisk Kunstforbund, 1981-84
  • Leiar samisk seksjon i Nordisk Kunstforbund, 1981-84
  • Leiar Sámi Dáiddačehpiid Searvi (Samisk kunstnerforbund), 1980-83, 1989-93

Bibliografi

endre
  • Alit lottit girdilit (dikt, nordsamisk språk) 1981; gjendiktet til norsk av Laila Stien i 1983 med tittelen Blå fugler flyr
  • Biekkakeahtes bálggis (dikt, nordsamisk språk) 1992; (Norsk omsetting: Vindløs sti) Nominert til Nordisk Råds litteraturpris frå det samiske språkområdet i 1993.
  • Ábiid eadni (dikt, nordsamisk språk) 1994; gjendikta til norsk av forfattaren med tittelen Havets mor (dikt)
  • Muora ii galgga sojahit eambbo go gierdá (saman med Bente Geving), Idut (1999) ISBN 82-7601-046-6
  • Meahci šuvas bohciidit ságat (dikt, nordsamisk språk) 2005; gjendikta til norsk av forfattaren med tittelen Av skogens sus spirer nytt (dikt) Nominert til Nordisk Råds litteraturpris frå det samiske språkområdet i 2008. Samerådets litteraturpris for den samiskspråklege utgåva i 2006.

Separatutstillingar

endre
  • Tromsø kunstforening, 2010
  • Sámi Dáiddaguovddáš – Samisk Kunstnersenter, Karasjok, 2009
  • MS ”Finnmarken”, OVDS, 2004
  • Nordkappmuseet, Honningsvåg, 2002
  • De Samiske Samlinger, Karasjok, retrospektiv, 2000
  • Rogaland Kunstnersenter, Stavanger, 1994
  • Samisk kunstnersenter, Karasjok, 1993,96,2000
  • Stabbursnes Naturhus og Museum, Porsanger, 1990
  • Arctic Gallery, Tromsø, 1989
  • Tromsø Kunstforening, 1983,93

Utsmykingar

endre
  • 330 skvadron, Bodø (KORO), 2010
  • Hjelpemiddelsentralen, Lakselv, 1999
  • Landgangsfartøyet "Sørøysund", Tromsø skipsverft, 1996
  • Regionsjukehuset i Tromsø, Tromsø, 1991
  • Holmen videregående skole, Løten, 1990
  • Finnmark fylkesbygg, Vadsø, 1987
  • NRK Sameradioen, Karasjok, 1986
  • Samisk videregående skole, Karasjok, 1981
  • Hammerfest sykehus, Hammerfest, 1981
  • Láhpoluobbal skole, Láhpoluobbal, 1980

Innkjøpt

endre
  • Sametingets innkjøpskomite, 2009
  • Sparebank 1 Nord-Norges Kunststiftelse, 2009
  • Sametingets administrasjon, 2009
  • Sametinget – gåve til HM Kong Haralds 70 årsdag, 2007
  • Sametinget, Sverige, 2004
  • Luleå kommune, 2001
  • Samisk kulturråd, 1993,96,2000
  • Troms fylkeskommune, 1993
  • Nordnorsk Kunstmuseum, 1989
  • Lillehammer bys malerisamling, 1988
  • Statens konstråd, Sverige, 1987
  • Sør-Trøndelag fylkeskommune, 1984,85
  • De Samiske Samlinger, 1979
  • Norsk kulturråd, 1978,79,83,84,89

Prisar og stipend

endre
  • I 2018 fekk ho Norsk kulturråds ærespris[4]
  • Nominert til Nordisk Råds litteraturpris frå samisk språkområde med diktsamlinga meahci šuvas bohciidit ságat
  • Samerådets litteraturpris 2006 for diktsamlinga meahci šuvas bohciidit ságat[5]
  • Biret Elle minnepris, 2000
  • Nominert til Nordisk Råds litteraturpris frå samisk språkområde for diktsamlinga biekkakeahtes bálggis, 1993
  • SKFV reisestipend/ SKFV materialstipend, 2010
  • Sametingets reisestipend, 2007
  • Statens Garantinntekt, 2004
  • Sametingets arbeidsstipend, 2003-04
  • Statens utstillingsstipend, 1999
  • Samiske Kunstneres og Forfatteres Vederlagsfond, arbeidsstipend, 1997
  • Samiske Kunstneres og Forfatteres Vederlagsfond, prosjektstipend, 1994,96
  • Ulrik Hendriksens minnestipend, 1994
  • Finnmark fylkeskommunes 3-årige arbeidsstipend, 1992-94
  • Materialstipend (Statens stipend for samiske kunstnere), 1992, 96,2001
  • Etableringsstipend for skjønnlitterære forfattere (Statens stipend for samiske kunstere), 1989
  • John Savio BKH-stipend, 1985,87
  • Statens reise-og studiestipend, 1983

Referansar

endre
  1. Samisk kunstnersenter: Synnøve Persen.
  2. NRK: Njuhtamat - Malerier - Paintings 1978-2000
  3. Dagbladet: Knusende dom over Sametinget, 5. desember 2004
  4. «Synnøve Persen tildeles Kulturrådets ærespris 2018», www.kulturradet.no (på norsk bokmål), henta 30. desember 2018 
  5. Samerådet: litteraturpriser