Synonymordbok

Ei synonymordbok er ein tesaurus som oppgjev synonym (liketydingar) til oppslagsorda. Ei slik ordbok er som regel einspråkleg, men kan forklara ord ved å nemna ord med liknande tyding, eller hjelpa ein brukar til å variera språket ved å føreslå alternative ord.

Tradisjonelt blei synonymordbøker utgjevne på papir med orda sortert alfabetisk eller tematisk. Datateknologi har gjort det mogleg å søka direkte på ord, eller å søka gjennom ei heil ordliste. Kontorpakkar for datamaskinar, som Microsoft Office eller LibreOffice, kan innehalda synonymordbøker.

Ordbøker som ikkje er spesifikke synonymordbøker, som til dømes rettskrivingsordbøker, vil ofte gje synonym til oppslagsorda som del av tydingsforklaringa (definisjonen). Nynorskordboka forklarar til dømes tydinga av ordet «ofte» slik: «mange gonger, til vanleg, hyppig, stadig, tidt».[1] Her er «hyppig», «stadig» og «tidt» synonym til «ofte».

Ordboktypar som er nærskylde synonymordboka er kryssordordbøker og omgrepsordbøker.

Nokre synonymordbøkerEndra

Norsk

  • Villa Thrap Wahl, Ord for alle: synonymordbok, Dreyer, 1965.
  • Dag Gundersen, Norsk synonymordbok, Kunnskapsforlaget, 1976.
  • Herbert Svenkerud, Cappelens synonymordbok, Cappelen, 1981.
  • Robert Drevon, Damms synonymordbok, Damm, 1985.
  • Magne Rommetveit, Synonymordbok med omsetjingar frå bokmål til nynorsk, NKS-forlaget, 1986.

Dansk

  • Ulla Albeck, Mikal Rode, Erik Timmermann, Schultz dansk synonymordbok, 1997.

Svensk

  • Alva Strömberg, Strömbergs synonymordbok: för den som snabbt vill fånga rätta ordet, Strömberg, 1995.
  • Göran Walter, Bonniers synonymordbok, A. Bonnier, 2000.
  • Norstedts svenska synonymordbok, Norstedts ordbok, 2001.
  • Lillemor Swedenborg, Svensk synonymordbok, Norstedts ordbok, 2003.

Engelsk

BakgrunnsstoffEndra

Norsk

Fleirspråklege synonymordbøker

Engelske

KjelderEndra

ReferansarEndra