Kontorpakke
Ein kontorpakke er ei samling av programvare som er meint for å handsama informasjon. Programvara i ei slik pakke kan også skaffast og brukast kvar for seg, men applikasjonane er skreddarsydd til fungere med kvarandre og dele på data seg imellom. Kontorpakker vert like gjerne nytta i heimen, som hjå et kontor.
Programvare som ofte finst i ei kontorpakke er teksthandsamingsprogram, rekneark, databaseverktøy samt presentasjonsprogramvare, men kan og inkludera e-post og kalenderverktøy, bilethandsaming og anna programvare. Den mest vanlege kontorpakka er er Microsoft Office. Andre kommersielle kontorpakker er Microsoft Works, WordPerfect Office, SSuite Office, Lotus SmartSuite/Lotus Symphony, i tillegg til AppleWorks/iWork for operativsystemet Macintosh. OpenOffice er ei populær kontorpakke basert på open kjeldekode. Kontorpakka kan lastast ned gratis til ei rekkje operativsystem, inkludert Windows. Andre kontorpakker basert på fri programvare, er KOffice og GNOME Office.
Nynorsk programvare
endreMicrosoft har vore særs skeptisk til å omsetje Office-pakken til nynorsk [treng kjelde], sjølv etter at elevar i heile landet demonstrerte for å få skuleprogramvaren på nynorsk. Etter ei stund gav dei seg, og skal ha omsett dei fleste programma i Office-pakka til nynorsk. Nynorskversjonen heiter Microsoft Office 2003 Edition Nynorsk Interface Pack, og er ei fil ein kan lasta ned og installera.
OpenOffice er open programvare, og difor tilgjengeleg for offentleg omsetjing. I tillegg til at fleire frivillige har bidrege med å omsetje programpakken til nynorsk, har òg fleire norske kommunar og fylkeskommunar gått inn i eit samarbeid med m.a. SkuleLinux for å sikre ei god omsetjing av OpenOffice til nynorsk [treng kjelde].