Syntagmaplassen (gresk Πλατεία Συντάγματος) er ein av to sentrale plassar i Aten. Den andre er Omoniaplassen.[1] Plassen fekk sit namn etter den greske konstitusjonen i 1844, då Hellas' første konge Otto av Hellas vart tvinga til å gje etter for eit sivilt og militært opprør den 3. september 1843.[2] Plassen ligg føre det gamle (frå 1800-talet) kongelege slott. Det husar sidan 1934 det greske parlamentet. Syntagmaplassen er den viktigaste plass i det moderne Athen, både sett frå eit historisk og sosialt synspunkt, eit «episenter» for kommersiell aktivitet og i gresk politikk.

Syntagmaplassen

Kart
Syntagmaplassen
37°58′32″N 23°44′05″E / 37.975556°N 23.734722°E / 37.975556; 23.734722

Skildring

endre
 
Plassen sett frå hotellet på nordsida av plassen, langs Kong Georg I-gata

Plassen grensar mot Amalia-avenyen (Leoforos Amalias) mot aust, Odos Othonos (Otto-gata) mot sør, og Leoforos Vasileos Georgiou Protou (Kong Georg I-gata) mot nord. Gata som grensar mot plassen i vest, som forbind Odos Stadiou (Stadion-gata) med Odos Filellinon (Filhellener-gata), heiter Plateia Syntagmatos.[3] Den austlege sida av plassen er høgare enn den vestlege, og vert dominert av eit sett med marmortrapper som fører til Leoforos AmaliasSyntagma metrostasjon. Trappene endar ved eit par utandørs kafear som er eit populært bysenter og samlingsplass. Syntagma har òg to grøntområde, eit mot nord og eit mot sør, beplanta med skyggefulle trær, og i sentrum av plassen, ei stor fontene frå midten av 1800-talet.

Det gamle slottet, ein bygning i nyklassisk stil, som har vore tilhold for det greske parlament sidan 1934. Det ligg like overfor Leoforos Amalias mot aust. Det er omgjeve av den nasjonale hagen som er open for publikum. Sjølve Parlamentet er ikkje open for publikum, sjølv når ingen forhandlingar pågår. Kvar time er det vaktskiftet, ein seremoni som vert utført av Presidenten sine vaktar. Dette føregår føre grava til den ukjende soldat på plassen mellom Syntagmaplassen og parlamentsbygningen. På spesielle dagar føregår vaktskiftet med musikkorps og dei fleste av dei 120 presidentvaktene er tilstades nøyaktige klokka 11:00.

 
Dimitrios Kallergis til hest, krev forfatning. Kong Otto og Amalia bivåner dette frå vindauga til slottet

Galleri

endre

Referansar

endre
  1. «On Foot - Kolonaki-Riggilis Area-Mets». Visit Greece. Greek National Tourism Organisation. Arkivert frå originalen 11. september 2014. Henta 10. september 2014. 
  2. DOMESTIC POLICY 1833-1897
  3. «Syntagma Square on the map». Bing Maps. Henta 10. september 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre

[1] Syntagmaplassen i Store norske leksikon