Syntetisk apertur-radar

Syntetisk apertur-radar (SAR) er ein type radar der ei relativt liten antenne flyttar seg over ein kontrollert bane, før måledataa frå heile banen vert samanstilt for å danna ein mykje større syntetisk apertur eller syntetisk antenne. Sidan oppløysinga er proporsjonal med dimensjonen til antenna, kan ein oppnå mykje høgare oppløysing enn ein kan med ei konvensjonell antenne. Radaren er typisk montert i et fly eller i ein satellitt, men det finst òg SAR-system som nyttar fleire fråskilde antenner samstundes. SAR er ein sentral teknikk for å ta bakkebilete av jorda og andre planetar i solsystemet.[1]

Ein syntetisk apertur-radar ombord i ein satellitt.
Venusoverflata kartlagt av Magellan-sonden med hjelp av syntetisk aperturradar

Måledataa består av amplituden og fasen til signalet, som i etterkant vert prosessert digitalt for å gje todimensjonale bakkekart. Prosesseringa er relativt tung, så sjølv om SAR vart introdusert på 1950-talet, skaut teknikken først fart etter at billig reknekraft vart lett tilgjengelig. Ved hjelp av to antenner, kan òg tredimensjonale kart produserast ved å utnytte faseskilnaden eller faseinterferogrammet mellom antennene. Ein slik 3D-radar vert kalla interferometrisk syntetisk apertur-radar.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Franceschetti, Giorgio; Lanari, Riccardo (1999). Synthetic Aperture Radar Processing. CRC Press. s. 2-4. ISBN 9780849378997.