Sysken eller søsken viser som regel til folk eller dyr som er i slekt gjennom å ha ein eller begge foreldre til felles. Ein skil mellom mannlege sysken, brør, og kvinnelege sysken, systrer.

To systrer (1901) av William Bouguereau.

Terminologi endre

Sysken som berre har sams far eller sams mor vert kalla halvsysken, til skilnad frå heilsysken eller rettsysken. Personar som ikkje er i slekt biologisk, men har foreldre som har danna eit nytt par, vert ofte kalla stesysken, medan personar som ikkje slektar på kvarandre som veks opp i ein fosterfamilie kan kallast fostersysken.

Ektefellane til sysken kan ein kalla versysken eller svigersysken.

Borna til to sysken er kvarandre sine syskenbarn.

Kjelder endre