Foreldre

(Omdirigert frå Forelder)

Foreldre er individ som skapar og/eller oppfostrar avkom. Ordet kjem frå norrønt forellri, 'dei eldre før oss'. Ein forelder av hokjønn blir kalla «mor» og ein av hannkjønn «far». I nokre høve kan me også omtala foreldre som ikkje har kjønn som «mor», som morcelle eller, i overført tyding, morselskap.

Mor, far og barn. Begge foreldra har gjeve barnet arveeigenskapar, men mora har hatt foreldreansvaret for babyen åleine fordi faren arbeidde utanlands.

Dei fleste foreldre har biologiske band til borna sine ved at dei vidarefører arvestoff. I mange høve har dei også ofte kortare eller lengre samvære gjennom svangerskap, ruging av egg, oppfostring og oppseding. Særleg pattedyr kan ha langvarige band mellom foreldre og barn og danna familiar.

Det finst også foreldre som ikkje har biologiske band til barna sine. Dette kan vera fosterforeldre, som tek seg av andre sine biologiske barn, eller i menneskeleg samanheng også adoptivforeldre, som har fulle juridiske rettar og plikter overfor barna sine.

Sjå og

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne biologiartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.