Szpęgawskiskogen
Szpęgawskiskogen (polsk Las Szpęgawski) er ein skog nord for byen Starogard Gdański i Pommerske voivodskap nord i Polen. Under den andre verdskrigen vart om lag sju tusen polakkar, mellom anna 1680 pasientar frå dei psykiatriske sjukeheimane Kocborowo (Konradstein) og Świecie, drepne og gravlagde i massegraver av nazistane.
Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.