Tábor
Tábor er ein by i Tsjekkia i regionen Sør-Böhmen. Han er kalla opp etter fjellet Tabor i Israel, men namnet vart raskt populært og tyder i dag noko slikt som «leir» på tsjekkisk[1]
Tábor | |||||
---|---|---|---|---|---|
Gamlebyen i Tábor | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Kraj |
Tsjekkia Sør-Böhmen | ||||
Grunnlagd | 1420 | ||||
Borgarmeister | Hana Randová | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 62,215743 km² | ||||
Flatevidd - By |
62,22 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
36 013 579/km² | ||||
Koordinatar | 49°24′N 14°39′E / 49.400°N 14.650°E | ||||
Høgd over havet | 437 m | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | 390 01 | ||||
Heimeside: https://taborcz.eu | |||||
Nettstad: www.tabor.cz | |||||
Plassering | |||||
Byen vart grunnlagd våren 1420 av Petr Hromádka av Jistebnice og Jan Bydlínský frå Bydlín, som høyrde til den mest radikale greina av hussittane, og vart raskt kjend som taborittar. Byen er kjend for åra han fungerte som eit sosialistisk bondesamfunn. Denne anda vart hylla i Smetana sin «Song for Fridom», som vart gjort kjend i den engelsketalande verda av Paul Robeson.
Den historiske delev av byen ligg på toppen av ein isolert ås, som er skild frå landområda omkring av elva Lužnice og ein stor innsjø, som hussittane gav det bibelske namnet Jordán. Innsjøen, som vart danna i 1492, er det eldste reservoaret av sitt slag i Mellom-Europa. Tábor er historisk kjend fordi han vart erobra av kong Georg av Poděbrady i 1452, ei hending som gjorde ende på taborittane sin innflytelse som politisk og relegiøs gruppe.
Sjølv om mykje av dei gamle festningsverka er øydelagde er borga i Tábor (Hradiště Hory Tábor) framleis bevart med mange minner frå fortida. I sentrum av byen ligg Žižka-plassen som berre smale gater fører til, slik at det var vanskeleg å nå han i krigsperiodar. Under gamlebyen er ein labyrint av eit tunnelsystem, som oppstod då innbyggjarane grave ut kjellarar og knytte desse saman. Om lag 1 km av tunnelsystemet er i dag ope for turistar.
Midt på plassen står ein statue av Jan Žižka, den største av husittarleiarane. Her ligg òg ei kyrkje og rådhuset.
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Tábor» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Antonín Profous (1957). Místní jména v Čechách: Jejich vznik, původní význam a změny; part 4, S-Ž. Praha i Tsjekkoslovakia: Czechoslovak Academy of Sciences.
Bakgrunnsstoff
endre- Ei nettside om byen Arkivert 2005-04-09 ved Wayback Machine.
- Historiske bilete av byen
- Tunnelane med bilete Arkivert 2005-03-27 ved Wayback Machine.