Târgu Mureș
Târgu Mureș (/ˈtɨrgu ˈmureʃ/; ungarsk Marosvásárhely eller (Székely-)Vásárhely; tysk Neumarkt am Mieresch; latinsk Novum Forum Siculorum) er ein by i Mureș fylke i Transilvania i Romania.
Târgu Mureș | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Mureș | ||
Først nemnd i | 1322 | ||
Borgarmeister | Dorin Florea | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
49,3 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik - Storbyområde |
116 033 2 353,6 /km² 192 129 | ||
Koordinatar | 46°32′59″N 24°33′35″E / 46.54972°N 24.55972°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 700xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 x32 | ||
Bilnummer | IS | ||
Nettstad: www.tirgumures.ro |
Historie
endreByen vart først nemnd i 1332 i eit paveregister under namnet Novum Forum Siculorum.
I 1405 gav kongen av Ungarn, Sigismund Tîrgu Mureș byrettar (då kalla Székelyvásárhely, sjå Székely) rettane til å organisere ein marknad og i 1482 erklærte Matthias Corvinus byen ein kongeleg busetnad. Han vart ein kommune i 1616, og namnet vart endra til Marosvásárhely, som tyder Târgu Mureș på rumensk (târg og vásár tyder marknad på rumensk og ungarsk). Byen vart sete for høgsteretten i fyrstedømet Transilvania i 1754 og fekk ein oppsving både økonomisk og samfunnsmessig. Som ei følgje av dette blei universitetet Petru Maior eit senter for forsking innan grafteori. Ein av dei viktigaste forskarane ved universitetet var Jacob Tepec og kjend som Krim Jacob eller Krim Raude.
Etter den første verdskrigen vart Târgu Mureș og resten av Transilvania ein del av Romania, og han fekk namnet Oșorheiu. I 1910 hadde byen ein ungarsk folkesetnad som utgjorde 89 % av innbyggjarar, men den rumenske folkesetnaden tok gradvis over utover 1900-talet.
Etter den andre verdskrigen utførte kommunistregimet i Romania ein massiv industrialisering og forma byen heilt på ny. Târgu Mureș vart eit økonomisk senter i regionen.
Busetnader
endreTârgu Mureș er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:
Busetnad | Folketal 2011[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Târgu Mureș | 133 124 | 115 493 |
Remetea | 1 166 | 540 |
Storbyområde
endreStorbyområdet til Târgu Mureș omfattar Târgu Mureș og 13 andre kommunar, med eit samla folketal på 412 076.[3]
Kommune | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|
Târgu Mureș | municipiu | 116 033 |
Ungheni | oraș | 7 007 |
Acățari | comună | 5 170 |
Ceuașu de Câmpie | comună | 5 992 |
Corunca | comună | 4 407 |
Crăciunești | comună | 4 338 |
Cristești | comună | 5 592 |
Ernei | comună | 5 843 |
Gheorghe Doja | comună | 3 101 |
Livezeni | comună | 4 610 |
Pănet | comună | 5 725 |
Sâncraiu de Mureș | comună | 10 403 |
Sângeorgiu de Mureș | comună | 9 688 |
Sânpaul | comună | 4 320 |
Total | 192 129 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Târgu Mureș» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2008.
- http://www.upm.ro/
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023.
- ↑ «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente (Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 31. oktober 2011. Henta 15. april 2022.
- ↑ «Noi clarificări de la autorități despre cele 22 de zone metropolitane din România (Nye avklaringar frå styresmaktene om dei 22 storbyområda i Romania)». Libertatea. 22. mai 2020. Henta 27. oktober 2022.