Tåreapparat

Tåreapparatet (av latin apparatus lacrimalis) er eit fysiologisk system i augehola som står for produksjon og drenering av tårer. Det finst eitt tåreapparat for kvart auga. Det er samansett av:

Tåreapparatet
(a) Tårekjertel
(b) Øvre tårepunkt
(c) Øvre tårekanalikkel
(d) Tåresekk
(e) Nedre tårepunkt
(f) Nedre tårekanalikkel
(g) Tårekanal

Tåreapparatet får sympatetisk nervetilførsel gjennom ei rekkje nervar kring den store halspulsåra, og parasympatetisk gjennom ei hjernenervekjerne i andletsnerven.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «tåreapparatet». Store Medisinske Leksikon. Henta 23. mars 2016.