Tåresekk
Tåresekken (av latin saccus lacrimalis) er den øvre, utvida delen av tårekanalen som ligg i kløfta mellom tårebeinet og framspringet på overkjeven. Den bind tårekanaliklane, som tømmer tårer frå overflata av augo, til tårekanalen, som sender væska vidare til nasehola.
Struktur
endreTåresekken er oval og har ei lengd på 12 til 15 mm. Den øvre delen er lukka og krumma; den nedre går over i tårekanalen. Den superfisielle overflata er tekt med fibrøst vev frå det indre augelokligamentet. Den djupe overflata er kryssa av den lakrimale delen av augeringmuskelen, som sjølv er festa til tårebeinskammen. Både tårekanalen og tåresekken er tekt med fleirlaga sylinderepitel som inneheld slimproduserande begerceller, og er begge omgjevne av bindevev.
Blodtilførsel til tåresekken kjem gjennom arteria angularis.
Klinisk relevans
endreBetennelse i tåresekken blir kalla dakryocystitt.
Tåresekken kan avbildast med dakryocystografi, der ein sprøyter inn kontrastmiddel og tek røntgenbilde.
Galleri
endre-
Disseksjon av tåreapparatet syner den innvendige organiseringa av – og sambandet mellom – tårekanaliklane, tåresekken og tårekanalen.
-
Den mediale veggen i venstre augehole, og ein fossa der tåresekken ligg.
-
Venstre augeringmuskel sett frå baksida.
-
Tåreapparatet på høgre side sett framanfrå. Tåresekken er synleg oppe til høgre, i den øvre delen av tårekanalen.
-
Tarsalplater og ligament i høgre auga, sett framanfrå. Tåresekken er synleg i midten til høgre.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lacrimal sac» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2016.
- Denne artikkelen har bygd inn tekst frå ei offentleg utgåve av Gray's Anatomy.