Tårekanaliklane (sing. 'tårekanalikkel'; av latin canaliculus lacrimalis) er dei vesle kanalane som oppstår frå tårepunkta, øvst på tårepapillen i augeloka. Dei ligg i den mediale (indre) augevinkelen, ved det laterale ytterpunktet av tåresjøen.

  • Den øvre kanalikkelen er den minste og kortaste av dei to. Den stig fyrst ørlite oppover før den vinklar innover og nedover mot tåresekken.
  • Den nedre kanalikkelen går ørlite nedover før den vinklar innover og oppover mot tåresekken.
Tåreapparatet i høgre auga. Tårekanaliklane er dei to smale kanalane til høgre i biletet.

Vinkelen i kanaliklane er noko utvida og former ein ampulle. Mikroskopi av kanaliklane syner fleirlaga plateepitel omgjeve av fibrøst bindevev. På utsida av dette finn ein tverrstripete muskelvev som er kontinuerleg med augeringmuskelen. Ved golvet av tårepapillen er muskelfibrane sirkulært innretta og former ein slags lukkemuskel.

Tårekanaliklane blei tidlegare kalla tårekanalar.

Klinisk relevans endre

Lakrimal kanalikulitt er ein betennelse i tårekanalikkelen.

Kjelder endre