Fleirlaga sylinderepitel
Fleirlaga sylinderepitel er ein sjeldsynt type epitel samansett av sylindriske celler innretta i fleire lag. Vevet finst i delar av svelget, tåreapparatet, anus, livmora hjå kvinner, urinrøyret og sædleiarane hjå menn, og i den bulbare delen av konjunktiva. Cellene i vevet deltek i sekresjon og absorpsjon. Teknisk sett er det dei øvre og nedre cellelaga som er sylindriske; det midtre laget inneheld kubiske epitelceller.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stratified columnar epithelium» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2016.