Ei tåte er ein liten pose med noko velsmakande i til å suge på for småborn. Inn i ein bomullsklut vert det lagt graut, mjølk eller noko som smakar søtt. Dette innhaldet vert forma som ei lita kule. Så vert det knytt ein tråd kring. Den som lagar tåta kan ta henne i munnen så ho vert god å suge på. For å gjere tåta ettertrakta har ein dyppa henne i sukker.

I staden for tåte brukar ein no narresmokk.

KjelderEndra

  • Ingeborg. L. Bø: Linde. Tåte. Banstol. Romsdal Sogelag Årsskrift 1984
      Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.