Térraba
Térraba | ||
Klassifisering: | Chibchansk Istmisk Naso Térraba | |
Bruk | ||
Var tala i: | Costa Rica | |
Utdøydd: | Slutten av 1900-talet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3: | tfr |
Térraba er ein utdøydd dialekt av det chibchanske språket naso (teribe). Naso vart snakka i Costa Rica og Panama, og den costaricanske dialekten vert kalla térraba, sidan han vart snakka av folkegruppa térraba. Den panamanske dialekten vert kalla teribe, eit namn som vanlegvis vert brukt som namn på språket i staden for naso, sidan det er den einaste gjenlevende varianten.
Térraba døydde ut på slutten av 1900-talet. I 2000 var det framleis 621 térrabaer igjen, men ingen snakka lenger språket. Lingvisten Adolfo Constenla Umaña møtte berre to eldre morsmålstalarar av språket etter at han starta å studera det i 1973.
Térraba vart snakka i San Francisco de Térraba og andre mindre stadar i kantonen Buenos Aires sør i landet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Térraba (språk)» frå Wikipedia på bokmål, den 5. januar 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- Teribe hos Ethnologue
- Litteratur
- Constenla Umaña, Adolfo (2007). La lengua de Térraba. Editorial de la Universidad de Costa Rica.