Tølt er ein gangart som islandshesten har i tillegg til skritt, trav, galopp og ofte passgang. Tølt var for inntil hundre år sidan ein allment kjend gangart hjå mange hesterasar, og det er framleis nokre individ i andre hesterasar som meistrar tølt. I tølt set hesten eitt bein i bakken om gongen som i skritt, men flyttar lynsnart vekta frå eit bein til det neste slik at hesten «rullar» seg fram. Gangarten blir også kalla flygande skritt. På grunn av den hurtige firetaktsrørsla er denne gangarten svært behageleg for ryttar.

Islandshest i tølt:Happadís frá Stangarholti

Bakgrunnsstoff endre

Norsk Islandshestforening

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.