Tønjum stavkyrkje

stavkyrkje (riven) i Lærdal

Tønjum stavkyrkje var ei stavkyrkje i Lærdal i Sogn, som raste saman under ein storm 12. januar 1823.[1] Fire portalar frå kyrkja er bevarte på Bergen museum.

Tønjum stavkyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til gamle Tønjum stavkyrkje
Detalj av portal frå Tønjum stavkyrkje.
Foto: Nina Aldin Thune

Historie endre

Stavkyrkja vart truleg bygd rundt år 1200.[2] Første skriftlege kjelde som viser til ei kyrkje i Tønjum er frå 1305, då ein sira Gudleik i Tønjum er nemnt.[3] Etter at kyrkja hadde rasa saman, vart det funne om lag 150 brakteatar. Dei eldste av dei kom frå perioden 1205 - 1263.

Utsjånad endre

 
Portalar frå Tønjum stavkyrkje. Dei to til venstre er truleg frå hovudinngangen.
 
Portalar frå Tønjum stavkyrkje.

I ein rapport frå 1660-åra står det at svalgangen og "søndre side til kirkedøren, som er midt paa kirken" skulle fornyast.[2] Dette viser at det var ei inngangsdør til kyrkja på sørsida, i tillegg til hovudinngangen i vest. Kunsthistorikaren Lorentz Dietrichson meiner at dette prova at kyrkja var treskipa med søylene gruppert omkring hjørna, slik som i stavkyrkjene i Borgund og Stedje, og truleg med inngang frå både nord og sør. Endå eit teikn på dette er at det er bevart heile fire portalar frå kyrkja. Dei kjem truleg frå ein hovudinngang i vest, ein korinngang, ein inngang midt på langveggen i nord og ein midt på langveggen i sør. Desse portalane vart oppbevarte i sakristietden nye kyrkja i Tønjum fram til 1885, då dei kom til Bergen museum. Det går òg fram av rapporten frå 1660-åra at kyrkja då hadde svalgangar, pulpitur og tårn.

I ein rapport frå 1722 står det at kyrkja i Tønjum er ei "smuk stavkirke med svaler rundt omkring, et rundt bygget kor og taarn fra grunden af, indvendig malet og vel kondisioneret."[2] Dietrichson tolkar dette som at tårnet stod i vestenden av kyrkja og at kyrkja hadde avrunda apsis i aust.

Skipet i kyrkja var 36 fot gonger 30 fot langt (11 m x 9 m). Koret var 12 fot gonger 18 fot (4 m x 6 m).

Fotnotar endre

 
Dørring frå Tønjum stavkyrkje med runeinnskrift: "Ave Maria gratia plena. Dominus tecum benedicta tu in mulieribus, et be[...]" Teikning: Wilhelm F.K. Christie.
  1. Minnetavle i Tønjum kyrkje
  2. 2,0 2,1 2,2 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 291-294
  3. "sira G[uðrleike] a Tuninum". Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 291. Originalkjelde i Diplomatarium Norvegicum VIII, 16

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre