Tønsberg flyplass, Jarlsberg

Tønsberg flyplass, Jarlsberg, oftast berre kalla Jarlsberg flyplass, ligg 4 km nordvest for byen Tønsberg i Vestfold. Flyplassen har ein rullebane på 800 meter med asfaltdekke. Baneretninga er 18 og 36. ICAO-kode er ENJB. Drifta av flyplassen blir utført av Jarlsberg Fritidssenter. Det opererer fleire klubbar frå Jarlsberg, deriblant Tønsberg Flyveklubb.

Tønsberg flyplass, Jarlsberg

ICAOENJB
TenerTønsberg kommune Sjå dette på Wikidata
StadSem i Tønsberg Sjå dette på Wikidata
Høgd10 meter Sjå dette på Wikidata
Koordinatar59°18′N 10°22′E Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttp://www.jarlsbergluftsportssenter.no/ Sjå dette på Wikidata

Historie endre

Flyplassen blei bygd av tyske soldatar i august 1940 som ein improvisert flyplass med falske installasjonar for å narre fiendtlege rekognoseringsfly. Heilt på slutten av krigen vart Jarlsberg oppgradert til naudlandingsplass og "Platzkommando Tönsberg" vart oppretta. Arbeidet på rullebanen vart utført av russiske krigsfangar. Etter krigen vart plassen tatt i bruk til taxi- og skolefly. Det har vore halde ei lang rekke populære flystemne på staden, det første alt i 1937.

Bakgrunnsstoff endre