Kaki
(Omdirigert frå Tøyet kaki)
- For frukta kaki, sjå Kakiplomme
Kaki er eit sterkt, vove bomullsstoff med lys gråbrungul farge. Stoffet er ofte impregnert, og har vore brukt som militær- og politiuniform i mange land, særleg i varmare strok. Kaki er også knytt til safariutstyr.
Ordet er kome til norsk gjennom engelsk, frå hindi khaki, 'støvfarga', som igjen er avleidde frå persisk khak, 'støv'. På engelsk blir ordet khaki brukt både om bomulsstoffet og om fargar som kan minna om det.