Impregnering er ein behandlingsprosess for å gjera ulike materiale (til dømes trevirke og tekstilar) motstandsdyktige mot vatn og fukt. Det finst ulike metodar for å gjera dette.

Ein impregnerer treverk slik at dei ikkje skal trekka vatn, og dermed føra til rote.

Tidlegare brukte ein CCA-impregnering på treverk i Noreg, men dette er no forbode. I eldre tid brukte ein tjøre til å impregnera mellom anna båtar. Kreosot blir mellom anna brukt til jernbanesviller og telefonstolpar.

Tekstilar endre

Ein kan impregnera klede og sko, då ved å påføra kjemikalium som gjer dei vasstette. Det er også vanleg å impregnera telt og segl. I særs gammal tid brukte ein barking med garvesyre frå bork på segl og tauverk.

CCA-impregnering endre

CCA-impregnering er ein type impregnering for treverk.

Impregneringa er forboden i Noreg, men blei tidlegare brukt i utstrekt grad til trykkimpregnering av treverk. Teknikken omfattar tildels store mengder giftige tungmetall, som kopar (Cu), krom (Cr) og arsen (As), som har gjeve namnet CCA. Tre som er CCA-impregnert eller impregnert med kreosot blir klassifisert som farleg avfall, og blir levert inn på eigne avfallsmottak.[1]

Kjelder endre

  1. «Erdetfarlig.no (Miljødirektoratet): om impregnert trevirke». Arkivert frå originalen 31. mai 2015. Henta 16. januar 2015.