T-90 er ei russisk stridsvogn med 125 mm kanon.[1] Ho er ei vidareutvikling av T-72, og er i teneste hjå den russiske og indiske hæren.

T-90A

Historie og utvikling endre

T-90 med ein 840 hk motor kom i produksjon i 1993, basert på ein prototyp kalla T-72BU. Vogna vart utvikla ved utviklingsbyrået Kartsev-Venediktov ved fabrikken Uralvagonzavod i Nizjnij Tagil. Før midten av 1996 hadde 107 vogner kome i teneste hjå russiske styrkar i Austre militærdistrikt.

I 1999 kom ein ny modell av T-90, kalla Objekt 187 i utviklingsfasen. Denne hadde sveist tårn i motsetnad til originalen sitt støypte. Modellen fekk namnet Vladimir etter sjefsutviklaren Vladimir Potkin, som gjekk bort i 1999.

T-90S er i teneste hjå den indiske hæren, og ein indiskprodusert variant som vert kalla T-90S Bhishma er under produksjon. Dei første indiske vognene var 310 vogner dei kjøpte frå Russland i 2001, der 120 var komplette, 90 delvis montert og 100 i delar. Under valet av T-90 vart det lagt vekt på at India allereie var brukar av T-72, og detta gjorde opplæring og vedlikehald enklare. India valde T-90 etter at produksjonen av indiske Arjun-stridsvogner hadde vorte forseinka.[treng kjelde]

Variantar endre

T-90
Den opphavlege modellen.
T-90S
Seinare modell med sveist tårn. Kalla T-90 Vladimir eller T-90C.
T-90S Bhishma
T-90S i indisk teneste.

Referansar endre

  1. "Russian Army to get new weaponry in 2006 – Defense Ministry".