Thrak
Studioalbum av King Crimson
Utgjeve 3. april 1995
Innspelt 24. september – 19. november, 28. november - 4. desember 1994
Studio Real World Studios i Box i Wiltshire i England
Sjanger Progressiv rock, progressiv metal, industriell
Lengd 56:35
Selskap Virgin
Produsent
King Crimson-kronologi
Vrooom
(1994)
Thrak The Construkction of Light
(2000)


Singlar frå Thrak
  1. «People»
    Utgjeve: 1995

THRAK er det ellevte studioalbumet av bandet King Crimson, utgjeve i 1995. Det kom ut etter minialbumet Vrooom frå året før.

InnspelingEndra

Dette albumet vart spelt inn i det «doble trio»-formatet til King Crimson. Bandet hadde to gitaristar, to bassistar og to trommeslagarar, og opningssporet byrjar med alle seks i sentrum av miksen. Etter kvart som sporet held fram vert dei splitta i to trioar (gitar, bass og trommer) der tre går til venstre kanal og tre går til den høgre.

UtgjevingEndra

Albumet kom ut 3. april 1995 og nådde 58. plassen på UK Albums Chart, som det siste albumet deira som nådde lista.[1] Albumet kom først ut på CD i 1995 og ei ommastra utgåve kom ut i 2002. Ein ny 5.1-kringlyd-miks av Jakko Jakszyk kom ut på CD/DVD-A.[2] Det vart gjeve ut på ny i oktober 2015 i ein ny miks av Jakszyk og Robert Fripp for 40-årsjubileumserien som eige album og som ein del av ei ny plateboks THRAK.

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [3]
Maxim     
Q     
Rolling Stone     [4]
Trouser Presspositiv[5]

Trouser Press skildra det som «eit absolutt monster, ein intellektuell sekstett med sin presist kontrollerte rockeenergi.»[5]

InnhaldEndra

Nr.TittelLengd

20-årsjubileumsutgåva frå 2015Endra

Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

MedverkandeEndra

King Crimson
Teknisk

KjelderEndra

  1. «King Crimson | Full Official Chart History | Official Charts Company». Official Charts Company. Henta 26. oktober 2019. 
  2. «Fripp's DGM Live diary». Dgmlive.com. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 20. oktober 2019. 
  3. THRAKAllmusic
  4. «King Crimson: Thrak : Music Reviews : Rolling Stone». Rolling Stone. 19. september 2008. Arkivert frå originalen 19. september 2008. Henta 20. oktober 2019. 
  5. 5,0 5,1 Grant, Steven; Fleischmann, Mark; Robbins, Ira. «TrouserPress.com :: King Crimson». TrouserPress.com. Henta 26. oktober 2019. 

BakgrunnsstoffEndra