Adrian Belew

amerikansk songar og gitarist

Adrian Belew (fødd Robert Steven Belew23. desember 1949) er ein amerikansk gitarist, songar, låtskrivar, multi-instrumentalist og plateprodusent. Han er kanskje mest kjend som medlem i progrockgruppa King Crimson (som han har vore medlem av sidan 1981) og for den uvanlege impresjonistiske måten å spele gitar på.

Adrian Belew
Adrian Belew (2006).jpg
Fødd23. desember 1949
Covington i Kentucky, USA
FødestadCovington
FødenamnRobert Steven Belew
OpphavUSA
Aktiv1977 til i dag
SjangerRock, progressiv rock, industriell rock
InstrumentGitar, gitarsynthesizer, vokal, trommer, perkusjon, piano, klaverinstrument, bass, cello, kontrabass, fløyte, koto, munnspel
Tilknytte artistarKing Crimson, Frank Zappa, David Bowie, Talking Heads, Tom Tom Club, David Byrne, Laurie Anderson, The Bears, Tori Amos, Nine Inch Nails, Kevin Max
PlateselskapIsland, Atlantic
Verka somgitarist, songar, komponist, låtskrivar, musikkprodusent, cellist

Han er vidt rekna som ein «særs allsidig musikar»,[1] Belew har gjeve ut nesten tjue soloalbum for Island Records og Atlantic Records som blandar Beatles-inspirert pop-rock med meir eksperimentell musikk. Singelen hans «Beat Box Guitar» vart nominert til ein Grammy for beste rockeinstrumental. I tillegg til å ha vore medlem av King Crimson, har han òg spelt i det meir popaktige bandet The Bears og fronta sitt eige band, Gaga, seint i 1970-åra og tidleg i 1980-åra. Han har arbeidd mykje som studiomusikar og turnert med mange artistar, mellom andre Talking Heads, David Bowie, Caifanes, Santa Sabina, Frank Zappa og Nine Inch Nails.

Belew har i nyare tid designa instrument, og har samarbeidd med Parker Guitars til å designe sin eigen Parker Fly signaturgitar.

DiskografiEndra

som Clay & Belew:

  • A Cup Of Coffee And A Slice of Time (2009)

KjelderEndra

  1. Prato, Greg. «Adrian Belew: Biography». Allmusic. Henta 9. mai 2011. 

BakgrunnsstoffEndra