Taare-Offer er ei salmesamling skriven av Dorothe Engelbretsdotter. Verket kom ut i 1685, og var det andre og siste store verket hennar, etter Siælens Sang-Offer.[1] Verket blei skrive i sørgeåret hennar etter at mannen, Ambrosius Hardenbeck, døydde i 1683.[2]

Taare-Offer
Taare-Offer Gudelige Siæle til Underviissning, der vil vide hvad Poenitentzis Fagter formaar

Forfattar(ar)Dorothe Engelbretsdotter
Utgjeven1685

Dikta har motiv frå Lukas-evangeliet, kapittel 7,36-50 («Kvinna som fekk syndene sine tilgjevne»),[3] Det byggjer på prosaverket Thränen- und Trostquelle av den tyske teologen Heinrich Müller, og er ein parafrase eller ei fri og sjølvstendig attdikting av denne boka gjennom Peder Møller si danske omsetjing Taare – og Trøste-Kilde (1677).[4] Boka «er prega av ein inderleg botsvilje og Jesus-kjærleik.»[1]

Bortsett frå ei utgåve frå 1686 og nokre mykje seinare utgåver er Taare-Offer som regel blitt trykt saman med Siælens Sang-Offer.[4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Akslen, Laila (28. september 2014). «Dorothe Engelbretsdatter». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  2. «Dorothe Engelbretsdatter». Store norske leksikon (på norsk). 15. juni 2018. 
  3. Luk 7,36-50
  4. 4,0 4,1 «Kristen Valkners forord om forfatteren og verket». bokselskap.no. 

Bakgrunnsstoff endre