Siælens Sang-Offer

Siælens Sang-Offer er ei samling salmar skrivne av Dorothe Engelbretsdotter. Verket kom ut første gong i 1678 og er rekna som hovudverket hennar.[1] Siælens Sang-Offer var den første boka av ein norskfødd forfattar som vart trykt i Noreg. Ho inneheld ei samling salmar og oppbyggjande songar.[2] Samlinga inneheld mellom anna «Afften-Psalme», seinare kjend som «Dagen viker og går bort», som framleis er med i salmeboka til Den norske kyrkja.[3]

Siælens Sang-Offer
Siælens Sang-Offer. Gudelige Sange paa de fornemste Fæster om Syndernis Forladelse, Fortrøstning paa Guds Naade, mod Fortviflelse, Utaalmodighed, og saa fremdelis: med Afften og Morgen-Sang i Tallet 42 Morgen og Afften-Suk til hver Dag i Ugen, slutted med en Morgen og Afften Bøn. Enfoldig ved Guds Naade sammensat aff den Der Er Dig Høye Himmel-Gud som sin Siælis Brudgom, all Ære og Tieneste Skyldig

Forfattar(ar)Dorothe Engelbretsdotter
Utgjeven1678

Kjelder

endre
  1. Dorothe Engelbretsdatter frå Norsk biografisk leksikon
  2. Oddvar Engan; Ragna Marie Tørdal; Marion Federl (16.05.2018). «Siælens Sang-Offer».  CC BY-SA
  3. Akslen, Laila (28. september 2014). «Dorothe Engelbretsdatter». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff

endre