Opna hovudmenyen
Ørkenområda på Granadaplatået.

Tabernasørkenen er ein ørken i Spania. Han ligg i provinsen Almería, om lag 30 km nord for hovudstaden Almería i Tabernas kommune. Ørkenen er eit verna område som dekkjer 280 km².

KlimaEndra

Tabernasørkenen ligg mellom Sierra de los Filabres i nord og Sierra de Alhamilla i sør-søraust og er slik isolert frå dei fuktige vindane frå Middelhavet i eit område med lite nedbør kalla Levante. Ørkenen får om lag 240 mm nedbør årleg. Høge temperaturar året rundt (normaltemperatur på 18 °C) og mange soltimar (3000 timar) har gjeve ein verkeleg ørken. Desse eigenskapane vert òg forsterka av fønvindeffekten.

Geologi og biologiEndra

 
Ei kaie

Det vesle regnet området får kjem vanlegvis i kraftige regnbyer, slik at overfalta, som består av mergel og sandstein er tørr og har særs lite vegetasjon. I staden fører regnet til erosjon som har forma badlandlandskapet. Arroyo er ei elv som oppstår i periodar med kraftig regn og nærer opp om den spreidde vegetasjonen og dyrelivet som finst her, som firfisler, piggsvin, kaier, kvitbuksandhøner, blåtrast, triel, trompetarfink og topplerke.

PopulærkulturEndra

Sidan Tabernasørkenen liknar dei nordamerikanske ørkenane vart han mykje nytta i spaghetti westernfilmar frå 1950- til 1980-åra, som For a Few Dollars More og A Fistful of Dollars av Sergio Leone, med musikk av Ennio Morricone og skodespelarar som Clint Eastwood. Han vart òg nyttar til ørkenscenar i Indiana Jones and the Last Crusade.

KjelderEndra

Koordinatar: 37°0′N 2°27′W