Tadas Labukas
Tadas Labukas (fødd 10. januar 1984 i Alytus) er ein litauisk fotballspelar. Hausten 2011 spelte han i angrep for Brann i den norske Tippeligaen. Ved sidan av fotballen har han også arbeidet på Røyrås Treindustri under sitt opphald i Noreg. Han spelar òg for det litauiske landslaget. Labukas har spelt for fleire klubbar i heimlandet, mellom anna toppklubben Žalgiris Vilnius, og for klubbar i Russland, Hellas, Romania, Aserbajdsjan og Polen før han kom til Noreg. Han kom til Brann frå Arka Gdynia sommaren 2011. Han hadde spelt i Gdynia i to sesongar i den polske toppdivisjonen og i 2010/11-sesongen var han klubben sin toppskårar med 8 mål i ein sesong som enda med nedrykk. Labukas stod då utan kontrakt og gjekk gratis til Brann på ein korttidskontrakt. Han debuterte i Tippeligaen 7. august 2011 som innbytar i ein heimekamp mot Strømsgodset. Kontrakten hans vart ikkje forlenga etter 2011-sesongen.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 10. januar 1984 (40 år) | ||
Fødestad | Alytus | ||
Høgd | 182 cm | ||
Posisjon | Angrep | ||
Nummer | 69 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2001 2002 2003-04 2004 2004-06 2006-07 2007-09 2008-09 2009-11 2011 2017-2019 |
Dainava Alytus Atlantas Klaipėda Dinamo Moskva Atlantas Klaipėda Výzas Megáron Žalgiris Vilnius Oţelul Galaţi İnter Bakı (lån) Arka Gdynia Brann Atlantas Klaipėda |
27 (3) 17 (3) 0 (0) 17 (1) 15 (7) 34 (10) 36 (4) 7 (0) 56 (10) 11 (0) 62 (9)[1] | |
Landslag | |||
2004-06 2006- |
Litauen U21 Litauen |
3 (0) 12 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. februar 2020 |
Fotnotar
endreKjelder
endre- "Her er Branns nye spiss" Arkivert 2011-07-08 ved Wayback Machine. frå Brann.no