Tahiti er den største av øyane i Fransk Polynesia sør i Stillehavet. Øya ligg ved 17° 40' sørleg breidd, 149° 30' vestleg lengd, om lag halvvegs mellom Australia og Sør-Amerika. Øya er kjend for å ha gjeve inspirasjon og motiv til kunstnaren Paul Gauguin.

Tahiti ligg midt i Polynesia-triangelet, markert som nummer fem på kartet.
Utsyn over Papeete.

Hovudstaden Papeete ligg på den nordvestlege kysten. Øya er ca. 45 km på sitt breiaste og dekker eit areal på 1 042 km². Det høgaste punktet, Orohona-toppen, måler 2 241 m.o.h.

Vegetasjonen på øya er regnskog og klimaet er mildt tropisk, med regntid frå november til og med april. I tillegg til å vera den største øya i Fransk Polynesia har ho og flest folk, med rundt 70 % av innbyggjarane i området.

Sjå ogEndra