Keisar Taizong av Tang (28. januar 59810. juli 649) var keisar i Tang-dynastiet i Kina, frå 627 til 649. Han valde Zhenguan som æranamn for si regjeringstid.

Taizong av Tang
TangTaizong.jpg
Regjeringstid627-649
Kinesisk唐太宗, Táng Tàizōng
Fødd28. januar 598
FødestadWugong
Død10. juli 649
DødsstadHangfeng Hall
GravstadZhaolingmausoleet
FøregangarGaozu
EtterfølgjarGaozong
Gift medZhangsun, Wei Guifei, Consort Yang, Yan Defei, Consort Yang, Yin Fei, Nest King, Yang, Lady Wang, Wu Zetian, Xu Hui
DynastiLi
FarGaozu av Tang
MorLady Dou
BornLi Chengqian, Li Kuan, Li Ke, Li Tai, Li You, Li Yin, Li Yun, Li Zhen, Keiser Gaozong av Tang, Li Shen, Li Xiao, Li Jian, Li Fu, Li Ming, Princess Xiangcheng, Princess Runan, Princess Nanping, Princess Sui'an, Li Lize, Princess Yuzhang, Princess Baling, Princess Pu'an, Princess Dongyang, Li Mengjiang, Li Jing, Li Shu, Princess Jin'an, Princess Ankang, Princess Xinxing, Princess Chengyang, Princess Gaoyang, Princess Jinshan, Li Mingda, Princess Changshan, Princess Xincheng

Bakgrunn og virkeEndra

Taizong var fødd i Kina under Sui-dynastiet som son av Lǐ Yuān, seinare keisar Gaozu, og det personlege namnet hans var Lǐ Shìmín (李世民). Han stod bak fleire av faren sine framgangar og var kommandant for troppane til faren allereie ved erobringa av Chang'an i 617, ei erobring som førte til at Sui-dynastiet fall.

Det kom snart til bitter strid mellom han og den eigentlege kronprinsen, Li Jiancheng, utan at faren gav han tilstrekkeleg vern. Då han forstod at livet hans stod i fare, drap han personleg kronprinsen i eit handgemeng ved Xuanwuporten ved Taijipalasset, samstundes som adjutanten hans tok livet av ein annan yngre bror i juli 626. Familiane til begge prinsane blei sjalta ut, folket blei begeistra over generalamnesti og forbigåande skattelette, og faren blei tvinga til å gå av.

 
Keisar Taizong (på trona). Samtidsportrett ved Yan Liben, utsnitt av måleriet Keisar Taizong mottek sendeferda frå Tibet, frå 641.

Same året rykte køk-tyrkarane under Khan Xieli (regj. 619–630) fram for å gjera krav på tributt frå kinesarane. Taizong – som no var blitt keisar – forkasta eit forslag om å forskansa seg med dei få troppane sine i hovudstaden, og rykka i staden fram mot khanen, ved Bianbroen over Weifloden. Med ein bløff lukkast det han å få Xieli til å trekkja seg tilbake, og i 629/630 vart han til slutt avsett og teken til fange av kinesiske styrkar.

Bygginga av det storslagne Damingpalasset, det største og mest påkosta i Kina (større enn Den forbodne byen i Beijing), byrja i det 8. året av Zhenguan-æraen under keisar Taizong (634).

Taizong gjekk for å vera vidsynt og rettvis. Han tøymde dei ærgjerrige adelege hærførarane sine ved å halda dei travelt opptekne og senda dei ut på militære øvingar. Han føretrekte å utnemna militære frå dei lågare sosiale sjikta og overdrog dei òg tidsmessig avgrensa kommandoar, t.d. ved nordgrensene til riket.

Far hans, keisar Gaozu, hadde late forvaltinga veksa seg stor, blant anna for å kunna tilfredsstilla mange tidlegare opprørsleiarar ved å gje dei stillingar i styret av riket. Dette var etter hans meining naudsynt under regimeskiftet. Men då Tongstyret sat trygt, kunne Taizong reorganisera og stramm inn på forvaltingsapparatet. I samband med dette fekk han den keisarlege embetsmannseksamen inn i ei form som tilsa at berre ti prosent av kandidatane stod på prøvane.

Sjølv om han ikkje stod buddhismen nær på nokon måte, tok Taizong imot den reisande munken Xuanzang ved hoffet. I 635 mottok han òg den persiske (syro-orientalske) geistlege Alopen og tillét han å organisera den syro-orientalske kyrkja i Kina, blant anna ved å byggja kristne kloster.

På Taizong si tid segla dei kinesiske djunkane så langt som til Afrika. I dei siste regjeringsåra sine kom han på avstand frå rådgjevarane sine, som mislikte dei stadige krigane hans.

ReferansarEndra