Køk-tyrkarar (gammaltyrkisk türük,[1][2] kök türük,[1][2] og türük[3]; 'blå' eller 'himmel-tyrkarar'[4]) var ein mektig, nomadisk konføderasjon i Sentral-Asia, kjend som fleire statar med fellesnamnet Det tyrkiske khaganatet i tidleg mellomalder, frå 552 til 747. Under leiing av Bumin Khan overtok køk-tyrkarane makta i området etter rouranane, og med det også den lukrative handelen med europearane via Silkevegen. Køk-tyrkarane hadde opphav i stammefolka Ashina, som kom frå dei nordlege delane av Sentral-Asia, og var kjent som flinke med smedkunst. Køk-tyrkarar stod bak innskrifter på køk-tyrkisk som er dei eldste kjende døma på tyrkiske språk.[5]

Utstrekkinga til køk-tyrkarriket rundt år 600.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Kultegin's Memorial Complex, TÜRIK BITIG
  2. 2,0 2,1 Bilge Kagan's Memorial Complex, TÜRIK BITIG
  3. Tonyukuk's Memorial Complex, TÜRIK BITIG
  4. Peoples of Western Asia By Marshall Cavendish Corporation
  5. Lombard, Alf (1996). Alle jordens språk. Pax. s. 177. ISBN 8253018347. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Køk-tyrkarar
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.