Opna hovudmenyen

Tang-dynastiet (kin. 唐朝; Tángcháo) var ei keisarslekt som hadde makta i Kina frå 618 til 906, unntatt tida 690-705. Dynastiet var grunnlagt av Li Yuan og hadde si største utstrekking under keisar Taizong si regjeringstid (626—649). Tang-dynastiet si tid ved makta, vart etterfulgt av tidsperioden Fem dynasti og ti kongerike.


Tang-dynastiet
Blank.png
618–906 Blank.png
Plasseringa til Tang
Kina under Tang-dynastiet rundt år 700.
Hovudstad Chang'an
(618–904)

Luoyang
(904-907)
Religion Buddhisme, taoisme, konfutsianisme, kinesisk folkereligion
Styreform Monarki
Historie
 - Oppretta 618
 - Opphøyrde 906
西安大雁塔
Pagode bygd i 652 i Chang'an (notida sin Xian)
Xi'anwildgoosepagoda2
Pagode bygd i 709
Kinesisk historie
Den kinesiske muren
Sanhuangwudi-perioden (mytologisk)
Xià-dynastiet
Shāng-dynastiet
Zhōu
Vår- og haustannaltida Austlege Zhōu
Dei stridande statane
Qín-dynastiet
Vestlege Hàn Hàn
Xīn
Republikken Kina (Táiwān)

Tang-dynastiet og det føregåande Sui-dynastiet utvikla seg frå føydalkultur til byråkratkultur, med vekt på strenge konfutsianistiske ideal.[1]

TidslinjeEndra

Den første keisaren i dynastiet tok makta i 618 etter at keisar Wang vart drepen av general Yuwen Huaji.

Tang-dynastiet mista makta i 690 til ein tidlegare konkubine, som vart keisarinne Wu (Wu Zetian) og ho hadde makta til 705.

Keisar Xuanzong kom til makta i 712.

I 751 tapte Tang-dynastiet slaget ved Talas mot abbasidane. Kinesiske soldatar som vart tekne til fange, røpte korleis papir vart laga i Kina. Dette var første gong kunnskapen om papirmaking spreidde seg vest for Kina.[2][3]

An Lushan-opprøret fann stad (755–763).

Slutten av dynastietEndra

I tillegg til naturkatastrofar og aukande makt til jiedushi (militær-guvernørar) gjorde Huang Chao-opprøret (874–884) dynastiet svakare.[4]

Krigsherren Zhu Quanzhong drap keisar Zhaozong i 904, og han tok makta i 907 frå keisar Ai, den siste keisaren frå Tang-dynastiet .

KeisararEndra

KjelderEndra

  1. Ebrey, Walthall & Palais 2006, s. 91.
  2. Bai 2003, s. 242–243.
  3. Eberhard 2005, s. 183.
  4. Eberhard 2005, pp. 189–190.
Bibliografi
  • «Tang-dynastiet» i Caplex.
  • Bai, Shouyi (2003), A History of Chinese Muslim (bd. 2), Beijing: Zhonghua Book Company, ISBN 978-7-101-02890-4
  • Ebrey, Patricia Buckley; Walthall, Anne; Palais, James B. (2006), East Asia: A Cultural, Social, and Political History, Boston: Houghton Mifflin, ISBN 978-0-618-13384-0
  • Eberhard, Wolfram (2005), A History of China, New York: Cosimo, ISBN 978-1-59605-566-7

  Denne historieartikkelen som har med Kina å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.