Tallula

kvinnenamn


Tallula, Tallulah og Talulah er kvinnenamn avleidde frå stadnamn av indiansk opphav i USA. Det er også blitt knytt til det irske namnet Tuilelaith (utt. Tillela).

Stadnamn endre

Det er fleire stader i USA som heiter Tallula eller Tallulah. Tallula i Mississippi er eit choctaword som tyder 'bjølle'. Byen Tallulah Falls i Georgia skal ha eit anna opphav, truleg frå namnet på cherokee-landsbyen Talulu/Taruri med uklar tyding. Dette namnet er overført til fleire andre stader, og blei teke i bruk som kvinnenamn. Ein svært kjend namneberar var skodespelaren Tallulah Bankhead. Ho var kalla opp etter bestemor si, Tallulah Brockman Bankhead, som igjen fekk namnet frå Tallulah Falls.

I Irland er Tuilelaith eit helgennamn kjend frå minst to helgenar som levde på 700- og 800-talet. Dette namnet er sett saman av ord som tyder 'overflod' og 'kvinne (av høg byrd)'. Namnet er blitt anglisert til Talulla, Tallula og Tallulah.

I Noreg vart Tallulah kjend som kvinnenamn i Noreg gjennom prinsessedottera Emma Tallulah Behn.

Kjende namneberarar endre

Kjelder endre