Talmei Yosef
Talmei Yosef (hebraisk skrift תַּלְמֵי יוֹסֵף, tyder 'Yosef-furene') er ein moshav sør i Israel. Han ligg i Hevel Shalom-området nordvest i Negevørkenen nær Gazastripa og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 178 innbyggjarar.
Talmei Yosef | |||
תַּלְמֵי יוֹסֵף | |||
kibbutz | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Nordvest-Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Eshkol | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1982 | ||
- Grunnlagd av | evakuerte nybyggjarar | ||
Tilhøyrsle | Jordbruksunionen | ||
![]() Talmei Yosef | |||
Wikimedia Commons: Talmei Yosef | |||
Moshaven vart grunnlagd i 1982 av tidlegare innbyggjarar frå Talmei Yosef, ei israelsk busetjing på Sinai. Dei opphavlege innbyggjarane vart evakuerte som følgje av Camp David-avtalane, og flytta til ein annan stad i Israel. Dei kalla opp den nye busetnaden sin etter den førre (som var kalla opp etter Yosef Weitz, ein tidlegare direktør i Land- og skogsdepartementet i Jewish National Fund).[1]
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Talmei Yosef» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elʻazari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 571. ISBN 965-7184-34-7. (he)