Tambur-Ola

Olav O Henjum (1927-2012), på folkemunne Tambur-Ola, var gardbrukar og revyartist i Leikanger i Sogn. Han kom til Hermansverk som femåring, då faren tok over Tamburgarden på Henja etter bror sin. I sitt yrkesaktive liv var Tambur-Ola gardbrukar, og sonen Ivar driv garden vidare i dag.

Saman med Odd Njøs var Tambur-Ola aktiv i Leikanger Mannskor. Han har spelt i Palmerevyen kvart år sidan starten i 1960 og fram til 2006, i tillegg til jubileumsåret 2009. Lokalt er Tambur-Ola ein legende.