Opna hovudmenyen
Henjatunet.

Henjum er ein gard på Systrond i Leikanger kommune i Sogn. Garden har matrikkelnummer 17, og på dialekt er namnet Henja.

HenjatunetEndra

Henjum er ein av dei siste gardane som har eit intakt klyngjetun. På det meste var det over hundre bygningar i tunet. Dei eldste bygningane er Heljestova og Palnastova, som båe er frå 1743. Det året brann heile tunet ned, men alle bygningane vart bygde opp att på dei same tuftene. I 1864 var det utskifting av innmarka, og då måtte alle husa unnateke desse to stovene flyttast. Ei ny utskifting i 1936 vart ståande som den største utskiftinga i Noregshistoria. Under båe utskiftingane vart nokre av gardane flytte ut or tunet, mellom desse var Ådnegarden og Skakgarden. Dei gardane som er att i klyngjetunet, er Bårdgarden, Kolabakken, Oddmundgarden, Tamburgarden, Palnagarden, Heljegarden og Eggjagarden.

I motsetnad til Havråtunet, er det framleis aktiv gardsdrift i Henjatunet. Tamburgarden og Eggjagarden er i drift med fruktdyrking og sauehald, medan Heljegarden og Palnagarden vart lagde ned i 2006.

EggjagardenEndra

I Eggjagarden på Henja vert det drive småskala gardsturisme. Marit Henjum og Ingvar Halsnes tok over gardsbruket seint på 80-talet. Tidleg på 90-talet byrja dei med gardsturisme, ei attåtnæring som viste seg å verta ein stor suksess. Dei tilbyd omvisning i frukthage, vandring på gravhaugar og gjennom klyngjetunet, guida tur til fjellstølen Stoksete, leigepressing av frukt, sal av eplepress og har sjenkjeløyve for eigenprodusert cider og raudvin. I Eggjastova, ei gamal sperrestove frå 1765, serverer Åse Kongsvik gourmetmat med lokal tilknyting. Henjatunet Eggjagarden er med i Sogn Fruktrute.

Etter at Ingvar døydde i 2007, har Marit og ungane drive både garden og turismen vidare, delvis med hjelp frå friviljuge i bygda.

HenjagrendiEndra

Henjagrendi er ei grend som strekkjer seg frå Skrivareiki midt i bygda til Henjaelvi i den indre delen av bygda. Grenda omfattar gardane Nybø, Henjum, Røysum og Holen, og på mange av gardane er det aktiv drift med fruktdyrking og sauehald. Jogarden på Røysa er ein av dei to store bringebærleverandørane i kommunen, og plasttunnelane pregar landskapet på denne garden. Elles i grenda er landskapet prega av frukthagar og slåttengjar.

Den gamle strandsitjarstaden Henjasanden vart med tida ein integrert del av Hermansverk sentrum. På 70- og 80-talet var det mykje bustadbygging i beitemarkene ovanfor Henjatunet og Røysa, samt i Lundene ned mot sentrum. På 2000-talet vart det bygt aldersheim i frukthagen på Skakgarden, ei sak som kløyvde heradsstyret.

Dei av gardane som har matrikkelnummer 17 og som ikkje ligg i Henjatunet, er anten skilde ut frå ein av hovudgardane eller flytt ut or tunet under ei av utskiftingane.

HenjadalenEndra

Henjadalen og fjellområda rundt er eigd i sameige av bøndene i Henjagrendi. Området er prega av den 10 km lange Henjadalen, som nedst er ein trong elvedal, men øvst ein vid bredal. Gjennom dalen renn Henjaelvi. Sidedalen Friksdal, ein utprega bredal, er sers rik på kulturminne.

Stølane i dalen er frå gamalt skilde i to ålmenningar. I Stoksete ålmenning ligg desse stølane:

  • Dalhjella, ein heimestøl som ligg litt oppe i dalsida om lag 2 km frå bygda. Det går stig frå Henjadalsvegen og bustadfeltet Røysaleite.
  • Stoksete, ein fjellstøl som ligg høgt oppe i fjellsida omtrent midt mellom Kleppa og Kjeringafjellet. Det går stig frå gardsbruket Skahaug og Kleppa.
  • Sevi, ein einbølt fjellstøl (Heljegarden) oppunder Kjeringafjellet. Det går stig opp frå Fivelhola, som er like heimom Flya.

I Nyastøl ålmenning ligg desse stølane:

  • Flya, ein heimestøl i dalbotnen om lag 5 km frå bygda. Det går traktorveg fram til stølen.
  • Nyastøl, ein fjellstøl i dalbotnen fremst i Henjadalen der dalen deler seg. Det går stig frå Flya.
  • Hovden, ein einbølt fjellstøl (Palnagarden) høgt på fjellet Hovden over Nyastøl. Det går stig frå Flya.
  • Friksdal, ein fjellstøl i dalbotnen i Friksdalen nokre km frå Nyastøl. Det går stig frå Flya, via Nyastøl.

BakgrunnsstoffEndra