Tampenområdet
Tampenområdet er ein fiskebanke og eit olje- og gassfelt nordaust for Shetlandsøyane i nordlege Nordsjøen med ei djupne på kring 200 meter.
Olje- og gassfelta i Tampenområdet er Snorrefeltet, Sygnafeltet, Gullfaksfeltet, Statfjordfeltet, Tordisfeltet, Gullfaks Sør, Statfjord Nord, Vigdisfeltet, Kvitebjørnfeltet, Statfjord Øst og Visundfeltet. På britisk sokkel ligg Murchisonfeltet som òg strekkjer seg inn på Tampenområdet.
Kjelder
endre- Askheim, Svein. (2009, 10. september). Tampenområdet. I Store norske leksikon. Henta 10. februar 2014 frå http://snl.no/Tampenomr%C3%A5det.