Opna hovudmenyen
Tandemdboggi på lastebil.

Tandemboggi er ein boggi med drift på begge akslane. Lastebilar som vert nytta innan bygg- og anleggsarbeid eller som tømmerbilar er ofte utstyrte med tandemboggi. Slike bilar kan òg ha drift på framhjula. Skogsmaskinar og anleggsmaskinar, som dumperar, har òg ofte tandemboggi.

Ein av dei fyrste lastebilprodusentane til å nytta tandemdrift tykkjest ha vore Scania-Vabis, som i 1924 inførte tandemdrift på ein lastebil med ei nyttelast på 6 tonn[1].

KjelderEndra

  1. Olson, C., Lastbilens första 100 år 1896 - 1996, Fateco Förlag, 1996.