Tanga er ein administrativ region i Tanzania. Regionen ligg aust i landet, og har kyst mot Indiahavet i aust og grense til Kenya i nord og regionane Kilimanjaro i nordvest, Manyara i vest og Pwani og Morogoro i sør. Regionhovudstaden er byen med same namn. Regionen har eit areal på 27 348 km², der 572 km² er vatn. Ved den offisielle folketeljinga i 2012 hadde regionen ein folkesetnad på 2 045 205.

Tanga
region
Land  Tanzania
Areal 26 677,0 km²
Folketal 2 045 205 (2012)[1]
Kart
Tanga-regionen
5°00′S 38°15′E / 5°S 38.25°E / -5; 38.25
Wikimedia Commons: Tanga Region

Para, wataita, shambala, wambugu, segeju, wadigo, wanago og wazigua er blant folkegruppene som har migrert til Tanga.

Distrikt

endre

Regionen Tanga er administrativt delt inn i åtte distrikt. Innbyggjartala som er oppgjevne nedanfor stammar frå folketeljinga i 2012.

Distrikt i regionen Tanga
Namn Innbyggjartal
Handeni 355 702
Kilindi 236 833
Korogwe 310 346
Lushoto 492 441
Muheza 204 461
Mkinga 118 065
Pangani 54 025
Tanga 273 332
Totalt 2 045 205

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Tanga-regionen