Tarantisme er ein sjukeleg oppførsel som fyrst blei skildra i Italia på 1000-talet, og særleg kjend på 1500- og 1600-talet. Dei som leid av sjukdommen fall fyrst i djup melankoli, men blei vekka ut av det dystre sinnet sitt når dei høyrde musikk. Dei byrja då å dansa ein krampaktig dans («tarantella»), som dei heldt fram med til dei svima av. Ifølgje folketrua var tilstanden forårsaka av bitt frå ulveedderkoppar (Lycosa tarantula).[1] Namnet på edderkoppen, «tarantell» eller «tarantella», stammar frå byen Taranto i Sør-Italia,[2] der han er vanleg. Ein har aldri funne prov på noko samband mellom slike bit og tarantisme-oppførselen.[3]

Antidotum tarantulae, notar for ein dansekur mot tarantisme, frå Athanasius Kircher (ca. 1660)

På omtrent same tid som tarantismen herja dansemanien kjend som St. Johannes- ell St. Vitus-dansen i Grevskapet Holland. Sjukdommen blei sett på som ein hysterisk epidemi, og ein trur bakgrunnen kan liggja i den vanskelege tida som europearar då gjennomlevde, med til dømes pest. Ei anna årsak kan vera skremsel og overtruiske førestillingar, og når hysteriet spreidde seg, spreidde det seg mektig fort. Hjå ainuar i Japan kjenner ein imu-bakko og hjå malayane latah, som begge liknar tarantismen.

Kjelder endre

  1. Wolf spiders of Kentucky
  2. «tarantell» i Nynorskordboka.
  3. Tarantism: St. Paul and the Spider, i Essays and Reviews form the Times Literary Supplement (1068). London: Oxford University Press, s. 172–183. Originally published in the Times Literary Supplement, 27. april 1967.