Ainoar er eit urfolk som stammar frå nordlege delar av Japan og område rundt. Dei har tradisjonelt halde til på Hokkaido, nordlege Honshu og dei russiske områda Kurilane, Sakhalin og Kamtsjatka.[1] Det opphavlege språket deira er aino, eit isolert språk som nesten er utdøydd.[2]

Ainoar i tradisjonelle klede ved ainomuseet i Shiraoi i Japan.
Foto: 2003
Den historiske utbreiinga til ainoar.

Etter ei lang historie med erobring og marginalisering har talet på folk som identifiserer seg som ainoar, og det på offisielt registrerte ainoar, blitt særs lite. Lenge forventa både forskarar og politikarar at kulturen skulle døy ut. Ei aukande interesse frå 1980-talet og aukande godkjenning frå statleg hald frå 2000-talet av har ført til at framtida ser lysare ut for folkegruppa.[3]

Ordet «aino» tyder 'menneske'.[1] Ainoar livnærte seg opphavleg for det meste som jegerar, sankarar og fiskarar,[1] medan ein del dreiv flyttjordbruk.[3]

Historie endre

 
Måleri av ainoar som ofrar ein bjørn, frå rundt 1870.

Ainoane er eit gammalt folkeferd som sannsynlegvis har opphav i fleire forskjellige kulturar frå same området nord i dagens Japan, regionane Tohoku og Hokkaido. Arkeologar har kalla desse kulturane Epi-jomon (250 fvt.-700 evt), Okhotsk (600-1000-talet) og Satsumon (700-1200-talet). Okhotskkulturen var sentrert rundt Okhotskhavet og mange viktige element i ainokulturen, slik som deira berømte bjørnekult, har antakeleg sine røter tilbake i Okhotskkulturen. Satsumonkulturen utvikla seg ut av Epi-jomon, og blei den dominerande kulturen i Nord-Japan og seinare også i Okhotskregionen.

Dei første skrivne kjeldene til den kulturen som utvikla seg ut av desse tre, kjem frå det tidlege japanske Yamatokongeriket i «Kofun»-perioden. Kongeriket, kjent som kongeriket Wa hos kinesiske forfattarar, møtte ei eller moglegvis fleire folkegrupper som dei kalla emeshi, nokre gonger ebisu, og med dette meinte dei «ytre barbarar» frå nordaust. Rolla som «ytre barbarar» var ei rolle emeshiar ofte blei tildelt av japanske forfattarar som var inspirert av dei kinesiske konsepta om eit sivilisert midtrike omkransa av barbarar. Aukande kontakt kom utover på 700- og 800-talet då keisarane i Heian byrja å drive dette folket nordover og sakte leggje under seg meir og meir av dei japanske øyene. Det er faktisk frå desse kampane at tittelen Seii Taishogun, seinare berre shogun, 'barbar-undertrykkande generalissimus', skriv seg. Det var også mykje fredeleg interaksjon mellom Emishi og japanarar i Tohoku gjennom handel, og særleg hestar frå Dewa (dagens Akita) var ei viktig vare som japanarane trakta etter.[4]

Ettersom japanarane trengte nordover kom dei også i kontakt med ei folkegruppe dei kalla watarishima emishi eller «emishiar som kryssa over frå øya» som kom frå det som etter kvart fekk namnet Ezogashima og endå seinare Hokkaido. Etter at japanarane hadde trengt nord til Dewa (Akita) og Aomori kom dei ikkje lenger, og denne grensa blei relativt stabil gjennom det ein kan kalla japansk mellomalder (Kamakura- og Ashikagashogunata). Sjølv om Ando-familien frå Dewa blei titulert som guvernør (kanrei) av Ezo (Hokkaido), var det ingen faktisk japansk kontroll over områda nord for Aomori. Ein utstrekt handel med pelsverk, fisk og så vidare bytta mot silke, sake og andre japanske varer utvikla seg og blei særs viktig for ainohøvdingar som ein maktbase for deira posisjon. Konfliktar mellom japanske handelsmenn og ainoane førekom også. Den best kjente kanskje Koshamains krig (1456-1457) der Koshamain og hans menn øydela heile tolv japanske haldepunkt før dei endeleg blei slått av troppar sende av Andoklanen.[5]

Kolonisering endre

 
Ainoar ved ein grensepost. Måleri frå 1700-talet.

Stoda byrja forandra seg først på 1400- og 1500-talet i den ustabile Sengoku Jidai-perioden. Toyotomi Hideyoshi (1536/37-1598) gav Kakizakifamilien, ein samuraiklan frå nord-Japan, einerett på handel med ainoane, og dei sette seg fast heilt sør på Hokkaido. Den tredje store generalen i denne perioden, Tokugawa Ieyasu (1543-1616), som grunnla Tokugawashogunatet, stadfesta denne retten. Kakizakifamilien, under sitt nye namn Matsumae, blei i namnet daimyo over Ezogashima med sete i borga Fukuyama.[6] Matsumae hadde handel og toll på denne som hovudinntekt og dei pressa derfor på for å intensivere den, noko som fekk uheldige konsekvensar for ainoane. For det første førte auka kontakt til ei eksplosiv spreiing av dødelege sjukdomar, særleg syfilis og koppar, som ainoane ikkje hadde noko forsvar mot. For det andre førte det auka presset og profitten frå handel til ei intensivering av jaktmønsteret til ainoane, noko som på sikt ikkje var berekraftig. Utover 1600- og 1700-talet var det såleis fleire episodar med hungersnød. Dette presset på ainoane førte òg til fleire eksplosive konfliktar der den største var Shakushains krig (1669-1672) som starta med kamp mellom to ainostammer, men utvikla seg til ei stor konflikt der fleire ainostammer under leiing av høvding Shakushain rykte langt inn i Matsumaes territorium og massakrerte fleire busettingar. Shakushain blei ikkje stoppa før Matsumae fekk forsterkingar frå sør, men då dei først kom var den japanske sigeren tilsvarande total. Stamma til Shakushain blei knust og leiarane for ainokrigarane alle avretta.[7]

Assimilering endre

 
Ainoar i japanske klede (kimono) og vestleg dress frå 1930-talet.

På byrjinga av 1800-talet tok Tokugawa-regimet direkte kontroll over Hokkaido, og frå då av blei det gjort fleire forsøk på å betre tilhøva til ainoane og å integrere dei i det japanske samfunnet. Det nye regimet som tok makta etter Meijirestaurasjonen 1854, vidareførte også dette arbeidet og det blei laga fleire reglar meint for å skjerma ainoane. Det første som kom i gang, var eit forsøk på å nedkjempe sjukdomsbølgjene som herja blant ainoane, og allereie i 1857 blei vaksinasjonsprogram sett i gang. I 1869 fekk ainoane også fullt borgarskap i den nye japanske staten på lik linje med andre. I tillegg blei omusha, ein nedverdigande seremoni som ainoane på 1700- og 1800-talet måtte møte japanske handelsmenn med, forbodne i 1875 av Meijiregjeringa. Forordningar om at ainoane ikkje fekk bruke japanske klede eller drive jordbruk blei også oppheva. Denne politikken har gjerne blitt gitt namnet «baiku» som tyder å ta vare på eller passe på.[8] I 1877 blei det lovfesta at ainoland ikkje var ope for nyrydding slik resten av Hokkaido, og dei lokale styresmaktene blei instruerte i hjelpe ainoane å ikkje bli lurt av japanske handelsmenn. I 1899 kulminerte dette vernearbeidet i «Lova om vern av innfødde». Den sikra alle ainoar retten til fem hektar med jordbruksland som ikkje kunne bytast vekk eller seljast, sjølv om dette seinare skjedde ganske hyppig. Det blei også lagt til rette for skulegonge for ainoborn på eigne skular, sjølv om deltakinga fram til den første verdskrigen var særs låg.[9] Politikken var innretta mot assimilering. Ainospråket blei forbode, og det blei påbode å bruka japanske namn.[10] Ainoane blei klassifiserte som eit tidlegare urfolk.[3]

Medan ainoar lenge hadde sett ned på etniske japanarar, blei tilhøvet omvend. Ainoidentiteten blei knytt til skam og diskriminering.[10] Japansk raselære fokuserte på at ainoane hadde meir hårvekst enn japanarar - menn bar tradisjonelt heilskjegg - og det oppstod rykte om at ainoar var «hårete» fordi dei hadde blanda seg med dyr.[3] Det blei vanleg å fornekta eller gøyma ainotilhøyrsla si. Mange ainoar gifta seg også med japanarar, og fleire folk blei derfor etter kvart registrerte som japanarar. Dette meiner Cornell forklarer korleis 51 prosent av folkesetnaden i Hidaka aust på Hokkaido i 1884 definerte seg som aino, men at i 1897 var det mindre enn 30 prosent.[11]

Moderne godtaking endre

 
Ainomusikaren OKI og Oki Ainu Dub Band opptrer i Rudolstadt i 2007.

Japanske styresmakter nekta lenge for at det fanst nokre minoritetar i landet.[10] Mangel på rapportering og registrering har gjort at ein ikkje har sikre tal for kor mange ainoar som lever i Japan i dag. Tal som blir nemnde, varierer frå 15 000 til 150 000. I 1868 var det registrert rundt 15 000 ainoar på Hokkaido, 2000 på Sakhalin og rundt100 på Kurilane.[12] Ifølgje den russiske folketeljinga frå 1897 hadde 1 446 innbyggjarar aino som morsmål, 1 434 av dei var på Sakhalin.[13]Ainospråket hadde berre 10 brukarar i 2007, alle gamle menneske. Det finst likevel ein del mindre flytande talarar som er yngre, og ein del barn lærer no aino på skulen.[2]

I 1994 blei Kayano Shigeru den første ainoen som blei vald inn i den japanske nasjonalforsamlinga.[3] I 1997 vedgjekk for første gong ein japansk domstol at ainoar fanst som eit eige folk då ei rettsavgjerd i Sapporo sa at styresmaktene hadde teke ainoland ulovleg for å byggja ein demning utan å ta omsyn til kulturen til «den innfødde ainominoriteten.»[10] 6. juni 2008 blei ainoane anerkjende av det japanske parlamentet som eit japansk urfolk i Japan med eige språk, religion og kultur.[10]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Wæhle, Espen (14. februar 2009), «Aino», Store norske leksikon 
  2. 2,0 2,1 Ethnologue-rapport. Henta 1. mai 2016
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online, henta 1. mai 2016 
  4. Walker 2006 s.20-23
  5. Walker 2006 s.26-27)
  6. Walker 2006 s.27-47
  7. Walker 2006 s.48-73
  8. Walker 2001, s.225
  9. Cornell 1964, S.297-298
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Philippa Fogarty (6. juni 2008), «Recognition at last for Japan's Ainu», BBC News 
  11. Cornell 1964 s.292
  12. David Howell. «The Meiji State and the Logic of Ainu 'Protection'», New Directions in the Study of Meiji Japan, red. Helen Hardacre, 1997, s. 614.
  13. Russian Empire Census of 1897: Totals; Russian Empire Census of 1897: Sakhalin (russisk)

Litteratur endre

  • Cornell, John B. (1964): Ainu Assimilation and Cultural Extinction i Ethnology Volume 3, Number 3. Pittsburgh: University of Pittsburgh.
  • Takakura, Shinichiro and Harrison, John A. (1960): Ainu of Northern Japan: A study of Conquest and Acculturation i Transaction of American Philosophical Society, New Series, Volume 50, Number 4. American Philosophical Society.
  • Walker, Brett L. (2001): The Conquest of Ainu Lands. Los Angeles: University of Calefornia Press.

Bakgrunnsstoff endre