Tarfaladalen

Tarfaladalen eller Tarfalavagge (nordsamisk Darfalvággi) er ein høgfjellsdal som ligg nærast austom den fjellryggen der utløparar frå Kebnekaise strekkjer seg over. Lengst opp i Tarfaladalen ligg det området som vanlegvis blir kalla Tarfala.

Tarfaladalen
Tarfalavagge, Darfalvággi
dal
Tarfala.jpg
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Län Norrbotten
Kommune Kiruna
Koordinatar 67°55′N 18°36′E

Tarfaladalen
67°55′0″ N 18°36′0″ E

I Tarfala har Svenska Turistföreningen (STF) ei fjellstove. Cirka ein kilometer i søraustleg retning frå Tarfalastova ligg Tarfala forskningsstation, der det vert drive feltstudiar i glasiologi på isbreane i Tarfala. Stasjonen tilhøyrer Stockholms universitet. Forskarane studerer massebalanse, avsmelting og andre eigenskapar hos blant anna Storglaciären ved Tarfalastationen, som har engasjert vitskapsfolk over heile verda.

Tarfaladalens øvre del med Tarfalajaure med STF-stuen som kan skimtast ved utløpet. Isfallsbreen bak innsjøen. Biletet er teke frå Tarfalatjåkka.

Området er køyalpint og steinete. Dalen er forutan Kebnekaisemassivet òg omgjeven av Kaskasapakte (2 043 moh.), Kaskasatjåkka (2 076 moh.), Tarfalatjåkka (1 911 moh.) og Tarfalapakte (1 806 moh.). Fleire isbrear endar i dalen; dei største er Storglaciären, Isfallsglaciären og Kebnepakteglaciären.

Området er populært for brevandring og fjellklatring. Frå Ladtjovagge går ein sommar- og vinterlei fram til Tarfalajaure. Vidare finst ingen offisielle stigar men vanlege ferdselsvegar er opp over Tarfalatjårrå og den såkalla Jojoleden mot Unna Räitavagge. Begge desse har berre sporadisk stig- og sommarrøysmerking og går for det meste i blokkterreng.

Dalen er òg kjent for at dei særs kraftige katabatiske vindane som oppstår og den vitskaplege stasjonen har den høgaste offisielt registrerte vindstyrken i Sverige på 81 m/s frå den 20. desember 1992.[1] Det har derimot førekomet seinare episodar med ekstremt kraftige vindkast, der vindmålaren ved eit høve blåste ned, slik at ein ikkje veit kor kraftig vinden var.

KjelderEndra

  1. http://www.smhi.se/sgn0102/n0205/luft_rekord.htm, SMHI, 2006-07-14