Tarjei
mannsnamn
Tarjei er eit norsk mannsnamn av norrønt opphav, avleidd av Torgeir, som er sett saman av namnedelane Tor, som viser til guden, og geir, 'spyd'. Tarjei har namnedag den 13. oktober.
Namneberarar
endre- Torgeir eller Tarjei Augundsson (ca. 1799–1872), norsk spelemann kjend som Myllarguten
- Tarjei Midbø (1828–1909), norsk spelemann og bygdepolitikar
- Tarjei Tvigyva (1853–1926), norsk spelemann
- Tarjei Vesaas (1897–1970), norsk forfattar
- Tarjei Bø (f. 1988), norsk skiskyttar
- Tarjei Westby (f. 1991), norsk skodespelar
- Tarjei Sandvik Moe (f. 1999), norsk skodespelar
Kjelder
endre- «Tarjei» i Store norske leksikon, snl.no.