Tarko-Sale (russisk Та́рко-Сале́) er ein by i det autonome området Jamalo-Nenetsk i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Pjakupur, 4 km før samløpet med sideelva Ajvasedapur, rundt 550 km søraust for Salekhard.

Tarko-Sale
Тарко-Сале
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Tarko-Sale is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Jamalo-Nenetsk
Grunnlagd
Bystatus
1932
2004
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

20 111
Koordinatar 64°55′00″N 77°47′00″E / 64.91667°N 77.78333°E / 64.91667; 77.78333
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon

Busetnaden vart grunnlagd i 1932 og han er dermed ein av dei eldste byane i regionen. Han fekk status som urbanliknande busetnad i 1976 og bystatus 23. mars 2004. Bynamnet kjem av det nenetsiske Talka-Salja, som tyder «busetnaden mellom elvane».

Hovudnæringa i Tarko-Sale er utvinning og handsaming av naturgass. Fleire gasselskap ligg i byen, mellom anna ei avdeling av Novatek og den viktigaste verksemda i byen er Purneftegazgeologija

Det ligg eit lokalhistorisk museum i byen.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.