Jamalo-Nenetsk
Jamalo-Nenetsk (russisk Ямало-Ненецкий автономный округ) er eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland. Det er ein del av Tjumen oblast men er samstundes eit eige føderasjonssubjekt i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Salekhard, arealet er 750 000 km² og innbyggjartalet er 507 000 (2002). Den største byen er Nojabrsk.
| |||||
![]() | |||||
Hovudstad | Salekhard | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 5. 750 300 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 72. | ||||
Føderalt distrikt | Ural | ||||
Økonomisk region | Vest-Sibir | ||||
Regionsnummer | 89 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Dmitriy Nikolaevitsj Kobilkin, Dmitry Artyukhov | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0500 |
Jamalo-Nenetsk ligg heilt nordvest på den sibirske sletta. I nord ligg Nordishavet. Her munnar elva Ob ut i ei nesten 1000 kilometer lang vik eller fjord, Ob-golfen. Området er for det meste lågland, men i vest omfattar det dei nordlegaste utløparane av Uralfjella - det høgste punktet er fjellet Pajer (1499 m.o.h.) Havet er frose store delar av året, og landskapet er for det meste tundra. Berre i sør finst det litt skog. Middeltemperaturen i januar er -25 grader celsius, i januar +7 grader celsius.
I 1962 vart det funne store petroleumsforekomster i Jamalo-Nenetsk. Over 90 % av all naturgass i Russland blir utvunnen her, og også mykje olje. Området er òg eit av dei områda i Russland der det blir drive mest reindrift, hovudsakleg av urfolka. Dessutan førekjem det ein del oppdrett av pelsdyr.
Grunna oljenæringa har Jamalo-Nenetsk hatt stor innvandring frå resten av Russland og utlandet òg. Dermed utgjer urfolket no berre ein liten del av folket. Dei største etniske gruppene er:[1]
- Russarar - 59,7 %
- Ukrainarar - 9,4 %
- Nenetsar - eit samojedisk folkeslag - 5,7 %
- Tatarar - 5,5 %
- Khantiar - 1,8 %
- Aserbajdsjanarar - 1,8 %
- Basjkirar - 1,6 %
- Kviterussarar - 1,2 %
- Komiar - 1,0%
Historie Endra
Området har vore busett av nenetsar iallfall sidan det første tusenåret e.Kr. På 1000-talet kom kjøpmenn frå Novgorod til dette området. Sidan rundt 1500 hevda herskarane i Moskva overherredøme, men først i 1595 vart det første russiske støttepunktet oppretta - festninga Obdorsk (dagens Salekhard). Utover 1700-talet utvikla dette seg til ein handelsplass der russiske handelsfolk bytte til seg pelsverk, fisk, elfenbein av mammut og kvalrosstenner.
Etter den russiske revolusjonen vart sovjetisk styre oppretta i april 1918. Det jamalo-nenetsiske nasjonale distrikt vart oppretta i 1930. I Stalin-tida fanst det fangeleirar som var del av gulag-systemet her, og slavearbeidskraft frå desse leirane bygde mellom anna ei jernbanelinje austover frå Salekhard.
Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart området eit av føderasjonssubjekta i den uavhengige russiske føderasjonen.
Fotnotar Endra
- ↑ 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
Bakgrunnsstoff Endra
- Jamalo-Nenetsk sine offisielle heimesider Arkivert 2005-12-23 ved Wayback Machine. på russisk
- Kommersant artikkel på engelsk