Tarm
Tarm (norrønt þarmr) er lange, smale, gjerne buktande innvolar som dannar tarmkanalen i meltingssystemet. Tarmane fullfører meltingsprosessen ved å ta opp næringsstoff og skilja ut avføring. Tarmar blir også brukte til ulike føremål, som tillaging av mat og utstyr.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7c/Human_duodenum.jpg/220px-Human_duodenum.jpg)
Tarmkanalen har tre hovuddelar, tynntarmen, tjukktarmen (kolon) og endetarmen (rektum). Tynntarmen er delt i tre, tolvfingertarmen (duodenum), jejunum og ileum. Pattedyr, fuglar og nokre reptil har òg minst ein blindtarm. Tarmbakteriar er svært viktige i denne prosessen. Tarmveggane driv føda framover ved å trekka seg saman. Det tek mellom ein og fem dagar for maten å passera gjennom tarmsystemet til menneske.
Bruk av tarmar
endreMat
endreEin kan eta dyretarmar, og brukte dei tidlegare til ilåt når ein laga pølser. I industriell pølsemaking bruker ein ikkje dette naturlege pølseskinnet, men det kan bli gjort om ein bruker tradisjonelle metodar.
Teknologi
endreI golvklokker er tarmar blitt brukte som strengar til å henga lodda i.
Musikk
endreVibrerande tarmar har tradisjonelt vore brukte i musikkinstrument, særleg som strengar i strengeinstrument, men også i trommer. Botnen av nokre typar litletromme kan slå mot eit nett av tarmar for å få fram ein særeigen klang, medan nokre utstrekte tarmstrengar under trommeskinnet på den nordafrikanske bendiren skapar ein summande lyd.
Medan ein i dag som regel bruker strengar av nylon, stål eller silke, bruker nokre av dei som speler tidlegmusikk fortsatt tarmstrengar for å få lyden meir autentisk. Det er særleg tarmar frå lam som har vore brukte til dette.
Idrett
endreSauetarmar har òg vore brukte til å laga nettet i tennisracketar med.