Opna hovudmenyen
Tarot
Studioalbum av Walter Wegmüller
Utgjeve Oktober 1973
Innspelt 1973
Sjanger Space rock, krautrock, psykedelisk rock
Lengd 103:15
Produsent Rolf-Ulrich Kaiser
Kritikk

Allmusic 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

Tarot er det første og einaste albumet til sveitsiske Walter Wegmüller. Det kom ut i 1973.

Med seg på albumet hadde Wegmüller the Cosmic Couriers, som bestod av Ash Ra Tempel, Wallenstein, Klaus Schulze og fleire sentrale aktørar i tysk krautrock.[1] Det heile vart sett saman av produsenten Rolf-Ulrich Kaiser og albumet bestod av ei blanding av space rock, folkemusikk, funk, psykedelia og elektronisk musikk.[1] Albumet til Wegmüller vart spelt inn etter at Kaiser hadde fått Ash Ra Tempel og Timothy Leary til å spele inn Seven Up og Sergius Golowin til å spele inn Lord Krishna von Goloka i lag med Wallenstein, duoen Westripp-Witthuser og Klaus Schulze. Tarot hadde med nesten alle desse musikarane. Wegmüller snakkar meir enn han syng på albumet, men lange delar av albumet er heilt instrumentalt.[1]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Jerry Berkers / Harald Grosskopf / Manuel Göttsching / Klaus Schulze / Walter Wegmüller / Walter Westrupp. 

# Tittel Lengd
1. «Der Narr»   3:55
2. «Der Magier»   4:38
3. «Die Hohepriesterin»   4:17
4. «Die Herrrscherin»   4:16
5. «Der Herscher»   2:58
6. «Der Hohepriester»   3:10
7. «Die Entscheidung»   9:06
8. «Der Wagen»   9:06
9. «Die Gerchtidkeit»   3:01
10. «Der Weise»   4:01
11. «Das Glücksrad»   3:38
12. «Die Kraft»   3:26
13. «Die Prüfung»   6:12
14. «Der Tod»   6:12
15. «Die Massigkeit»   4:44
16. «Der Teufel»   3:35
17. «Die Zerstörung»   4:00
18. «Die Sterne/Der Mond/Die Sonne/Das Gericht/Die Welt»   23:00

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Tarot av Walter WegmüllerAllmusic Vitja 13. april 2013