Opna hovudmenyen

Walter Wegmüller (fødd 25. februar 1937 i Bern) er ein sveitsisk kunstmålar[1] og musikar.[2] Han er truleg mest kjend for Krautrock-album Tarot, som kom ut på Cosmic Couriers i 1973.[3]

Walter Wegmüller
Fødd25. februar 1937
FødestadBern
OpphavSveits
Verka somkunstmålar

Walter Wegmüller var eigentleg ikkje musikar, men heller ein mystikar, kunstnar og eksentrikar.[4] Somme av kremen av krautrock-musikarar hjelpte han på eit enkelt album, Tarot, som generelt vert rekna som eit meisterverk.[4] Sveitsaren var kjend seint i 1960-åra, og vanka i lag med Sergius Golowin og biletkunstnaren H.R. Giger, og tidleg i 1970-åra med Timothy Leary. På denne tida valte Rolf-Ulrich Kaiser, ein rockejournalist og sjefen i Ohr Records, å starte eit nytt selskap, Kosmische Musik, for å gje ut meir kosmiske lydar. Det første av desse albuma var Seven Up av Ash Ra Tempel i lag med Leary hausten 1972, og byrja å arbeide på eit andre og eit tredje album, med Golowin og Wegmüller.

Wegmüller hadde arbeidd på eit sett med handlaga Tarotkort i fleire år frå 1968 og valte å lage eit album basert på desse korta. Prosjektet starta i Sveits seint i 1972, med Ash Ra Tempel som akkompagnement. Wegmüller avgjorde då brått at det burde vere eit spor for kvart av dei 22 korta. Kaiser likte prosjekte tog fekk Wegmüller og Ash Ra Tempel til å kome til Tyskland, der han fekk fleire musikarar med på prosjektet. Bandet Wallenstein, med klaverspelar Klaus Schulze, var akkurat ferdig med Golowin-prosjektet, så dei slo seg saman med Manuel Göttsching og Hartmut Enke i Ash Ra Tempel, i tillegg til Walter Westrupp frå duoen Witthüser-Wëstrupp. Gruppa som spelte på Tarot var slik sett ei kosmisk krautrock-supergruppe.[4]

Tarot vart spelt inn i desember 1972 i studioet til Dieter Dierks i Stommeln, nær Köln. Under ei av desse innspelingane, medan Göttsching, Enke og Schulze venta på dei andre musikarane, valte dei å spele inn eit album. Schulze hadde slutta i Ash Ra Tempel alt i 1971, etter det første albumet deira, så plata Join Inn, vart eit album med originalbesetninga av bandet, i tillegg til at kjærasten til Göttsching, Rosi Muller, song på albumet. Ho kora òg på Tarot. Tarot kom ut tidleg i 1973 som eit dobbeltalbum i ein flott boks med tarotkort som Wegmüller hadde måla. Wegmüller snakkar meir enn han syng på Tarot, og det var mange lange instrumentalparti.

Wegmüller reiste attende til Sveits etter at Tarot var innspelt og Kaiser fekk dei fleste musikarane frå albumet til å starte bandet Cosmic Jokers. Wegmüller skreiv seinare ei bok, Neu-Zeit Tarot, som kom ut i 1982 på AGM Agmuller Press.

KjelderEndra

  1. Giger, H. R. (20. mai 1993). HR Giger ARh+. Taschen. s. 70. ISBN 978-3-8228-9642-6. Henta 13. april 2013. 
  2. Drury, Nevill (1985-12). Music for inner space: techniques for meditation & visualisation. Prism Press. s. 60. ISBN 978-0-907061-74-8. Henta 13 June 2011. 
  3. Walter Wegmüller-diskografi på Discogs
  4. 4,0 4,1 4,2 Walter WegmüllerAllmusic Vitja 13. april 2013